Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eit nytt palestinsk leiarskap kan ikkje få støtte frå det palestinske folket og samstundes bli godtatt av Israel. Arafats død er dermed ingen døropnar for fred, meiner UiB-ekspertar.
– Fred blir det ikkje uansett, seier Midtausten-ekspert ved Universitetet i Bergen (UiB), Knut S. Vikør. Dei neste 60 dagane skal leiaren i det palestinske parlamentet fungere i presidentrolla. Utfallet av maktkampen som no pågår om leiarskapet for palestinarane vil i stor grad avgjere korleis konflikten med Israel og situasjonen i regionen vil utvikle seg. Fleire arabiske land har vore gjennom generasjonsskifter nyleg. Både Syria, Jordan og Marokko har relativte ferske leiarar. Syria som ønskjer seg ei leiande rolle i regionen, er inne i ein moderat reformprosess, og utfallet i den palestinske maktkampen kan påverke denne prosessen.
Vestlege leiarar, blant dei statsminister Kjell Magne Bondevik, har uttrykt håp om ny giv i ein fredsprosess for Midtausten. Vikør har derimot lite tru på at Yassir Arafats død opnar for ei fredeleg utvikling mellom israelarar og palestinarar.
– Det er rimeleg å tru at Arafats nærmaste støttespelarar vil halde fram, og det ser førebels ut til at det er vilje blant dei andre palestinske partane om å stå samla. På sikt vil det vere vanskeleg å finne eit leiarskap som har brei palestinsk støtte og som samstundes kan få støtte i Israel. Ein kan ikkje få begge deler, fastslår Vikør.
Hamas vil ha makt
Bård Kårtveit ved Senter for Midtausten- og islamske studiar, UiB, peikar til liks med Vikør på dei klare konfliktlinene i Arafats Fatah-rørsle.
– Dei som vil vere akseptable for USA og Israel, har ikkje støtte blant palestinarane.
Ein yngre generasjon som bygde seg opp under den første intifadaen ønskjer makt og har samstundes brei støtte blant palestinarane. Den eldre generasjonen frå Arafats krets vert oppfatta som meir moderate av Israel, USA og EU, men manglar den folkelege støtten og har mellom anna blitt haldne ansvarlege for omfattande korrupsjon.
Kårtveit peikar også på at Hamas vil ha meir makt. Dette er ein organisasjon som ikkje vil bli sett som ein mogleg forhandlingsaktør, verken frå israelsk eller amerikansk side.
– Hamas har vore misfornøgd, men har til ein viss grad freda Arafat. Eg har vanskeleg for å tru at det vil skje i same grad vidare. Det er svært sannsynlig at Hamas vil bli meir aggressive i sin opposisjon til det sitjande leiarskapet og kreve auka politisk innverknad, seier Kårtvedt.
Påverkar regionen
– Eit moderat palestinsk leiarskap vil kunne styrke reformkreftene. Meir spenning i regionen vil vil tene dei konservative kreftene i Syria, seier professor Leif Manger, som torsdag heldt innlegg i ein seminarserie ved Senter for Midtausten- og islamske studiar om nettopp reformprosessen i Syria.
For Israel gjer derimot Arafats død liten forskjell, meiner Knut Vikør.
– For Israel er ingenting endra. Arafat var den einaste som kunne føre samtalar med Israel, og samstundes ha støtte hos palestinarane.