Ingen hackar valet

Etter forrige rektorval skifta UiB valsystem etter at informatikkstudentar hadde klart å bryte seg inn. I år prøver ingen seg. Det blei for mykje bråk forrige gong.

På Høyden har fått spørsmål frå veljarar om valet eigentleg er hemmeleg, når ein loggar seg på med sin eigen brukaridentitet i systemet.

- Det er absolutt ingen som kan sjå kva folk har stemt på. I den augneblinken du går inn og ser kva folk har stemt, kan du ikkje lenger sjå kven som har sendt inn røysta, forklarer Steinar Vagstad, som er leiar for det sentrale valstyret. 

Pill roten
Valsystemet er levert av Usit, UiOs senter for informasjonsteknologi, og er mellom anna i bruk ved UiO. Men systemet har ikkje blitt testa av venlegsinna hackerar i form av informatikkstudentar ved UiB.

- På grunn av forhistoria har vi valt å ikkje gjere noko denne gongen, fortel informatikk-professor Kjell Jørgen Hole. 

Det blei nemleg mykje omtalt då informatikkstudentar fann eit hol og hacka seg inn under førre rektorval. Valstyret var ikkje informert om innbrotet, som førte til at ein handfull røyster blei forkasta.

- Det som skjedde sist var at den førre løysinga var pill roten. Så gjekk UiB til innkjøp av ei ny løysing, fortel Hole. Han legg ikkje skjul på at bråket frå førre rektorval gjer det lite fristande å prøve seg igjen, sjølv om resultatet blei at UiB fekk eit langt betre system for elektronisk røysting. 

- Vi har ikkje fått noko oppdrag med å sjå på valet, men det kan vere eit forslag for neste gong, seier Hole til På Høyden. 

Regelmessig
Så langt har valstyret ikkje fått ei einaste melding om noko uregelmessig.Valstyreleiaren veit ikkje noko om korleis det utviklar seg. Førre val blei det kritisert at sekretæren for valstyret og to personar på IT-avdelinga kunne følge med røystinga undervegs. Denne gongen kan berre tilsette ved Usit sjekke kor mange som har røysta, og ein gong om dagen får ein tilsett ved kollegiesekretariatet melding om kor mange som har røysta. Dette gjer det muleg å slå alarm ved tekniske feil i systemet, men så langt har alt vore normalt.

Til dei som er urolege over at innlogginga til valet ikkje er anonym, viser valstyreleiar Vagstad til at ein òg under stortingsval må legitimere seg før ein får stemme. 

- Eg ser ikkje heilt korleis vi skal unngå å gjere slike ting. Før vi fekk elektroniske val la vi stemmesedlane i internposten. Det var nok atskillig enklare å hacke internposten enn det er i dag, meiner Vagstad. 

Skulle hacka
Leiaren av valstyret skulle gjene sett at Hole og studentane prøvde seg på det nye elektroniske valsystemet òg. 

- Å få dei til å prøve å bryte seg inn i systemet og så rapportere til oss hadde vore veldig verdifullt. Det var nyttig, det dei gjorde ved førre val. Men eg vil ikkje oppfordre hackerar generelt til å prøve seg, understrekar Vagstad.

Veljarane kan stemme fram til klokka 1200 onsdag, og resultatet blir offentleggjort klokka 1700.

Leiaren av valstyret er elles godt nøgd med valet og valkampen så langt. 

- Det har jo vore mykje meir valkamp denne gongen enn i tidlegare rektorval, seier Vagstad.

 

 

 

Powered by Labrador CMS