Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Midlar til to konferansar var alt Det humanistiske fakultet sat att med etter at Forskningsrådet hadde delt ut frie prosjektmiddel. – Det siste året var skralt, men me er relativt nøgde med korleis me har kome ut dei siste åra, seier dekan Gjert Kristoffersen.
Det 19. nordiske slavistmøtet og The Second International Learner Corpus Research Conference var dei einaste som fekk midlar då Forskingsrådet før jul delte ut frie prosjektmidlar til humaniora-prosjekt. Av 172 søknader vart 24 innvilga. – Dersom me ser attende til 2008, har Det humanistiske fakultet fått om lag eitt prosjekt i året. Det siste prosjektet me har fått midlar til, går ut i 2016, seier dekan Gjert Kristoffersen. I år vart det delt ut pengar til seks prosjekt og til sju personlege postdoktorstipend. – Me må sjå på avslagsbreva og sjå om det er prosjekt som har fått gode vurderingar, men likevel ikkje midlar, seier Kristoffersen. – For lite midlar – Fjoråret var eit gullår. Takka vera fellesløftet fekk me midlar til tre prosjekt ekstra, seier Kristoffersen. På Høyden skreiv før helga at Forskingsrådet vil prioritera unge talent når dei lyser ut frie prosjektmidlar i 2013. – Det har nok vore eit visst seniorinnslag blant dei som har fått midlar. Men hovudproblemet er at det er for lite midlar, og eg er ikkje sikker på om å flytta pengar innanfor ramma løyser det problemet. No brukar forskarane tid på å skriva gode søknader, som får gode vurderingar – men ikkje pengar, seier Kristoffersen. Han meiner det ikkje er grunnlag for å seia at yngre forskarar vert diskriminerte. – Det er vel ikkje uventa at forskarar med røynsle snappar pengane. Når det i tillegg er for lite pengar, vert tildelinga av fripro-midlar er eit lotteri – på same måten som tildelinga av Senter for framifrå forsking (SFF), seier dekan. Hjelp frå stipendiat – Stemmer det at det er dei unge forskarane som gjer mykje av arbeidet med ein søknad? – Eg fekk sjølv innvilga ein søknad i 2010. Då vart ein framtidig stipendiat brukt til å samla inn grunnlagsmateriale, men det var kollegaene mine og eg som skreiv søknaden. I 2001 fekk eg òg innvilga ein søknad, og den skreiv eg sjølv. Men det er nok slik at yngre forskarar hjelper til med søknadsarbeidet, meiner Kristoffersen. – Ein ser nok kanskje at postdoktorar, som ikkje er fast tilsett, kjem med forslag om prosjekt som òg kan hjelpa dei sjølve til å få fast stilling. Desse søknadene vert kanskje sett meir kritisk på internt. Då kan det hjelpa at ein fast tilsett står som ansvarleg, trur dekan.
I fjor fekk UiB ekstra midlar gjennom det såkalla fellesløftet, der Kunnskapsdepartementet og universiteta gjekk saman.
Førsteamanuensis Inga Berre og stipendiat Edit Bugge ønskjer den nye ordninga velkommen. Dei meiner at øyremerkte midlar til yngre forskarar kan gjera at dei som faktisk gjer arbeidet med søknadene får ære for det – og i tillegg kan føra røynsle som prosjektleiar opp på CV‘en. I dag er det ein forskar med meir røynsle som står som ansvarleg når ein sender ein søknad om midlar.