Ingen jubel for budsjettforlik

Publisert

Budsjettforliket i Stortinget gir manglande løns- og priskompensasjon til UiB og dei andre universiteta. For UiB tyder dette omlag 30 millionar mindre enn forventa. Dette kan gje fortsatt økonomiske problem for nokre av fakulteta - og vanskar med iverksetting av Kvalitetsreformen.

Den manglande løns- og priskompensasjonen gjev heile universitetssektoren 140 millionar i manko. Leiinga ved UiB er svært misnøgde med denne prioriteringa i statsbudsjettet.

– Vi kjenner ein absolutt og direkte skuffelse over at vi i universitetssektoren blir behandla annleis enn høgskulane. Dette er svært smerteleg i forhold til det vi står oppe i når det gjeld Kvalitetsreformen, seier prorektor ved Universitetet i Bergen, Rune Nilsen.

Noreg brukar minst på forsking

UiB-leiinga er også skuffa over at bevilgningane til forsking og utvikling ikkje kjem monaleg nærare OECD-snittet som er det uttalte målet før 2005.

– Eg har i den seinare tid møtt mange europeiske kolleger og diskutert forsking med dei, mellom anna frå dei andre nordiske landa. I nesten alle land brukar dei langt større andel av BNP på forsking, forskarutdanning og høgare utdanning enn vi gjer. Ut i frå statsbudsjettet som no ligg føre er det heilt klart at Noreg heller ikkje no tar konsekvensen av at vi ynskjer å bli eit kunnskapssamfunn. Vi er underfinansiert på forsking, utdanning og forskarutdanning, og vi kan slå fast at vi har endå ei regjering som ikkje har skjøna at kunnskapssatsing er den viktigaste ressursen i åra som kjem - og ikkje ser potensialet som ligg her, seier Nilsen.


Ikkje store endringar

Om ein samanliknar med regjeringa sitt opphavlege forslag til statsbudsjett for 2003 kom forskingsløyvingene frå budsjettforhandlingane med mindre kutt. Det er miljøforskning som blir hardast ramma av desse kutta.

Powered by Labrador CMS