Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Står religionen islam i vegen for realisering av menneskerettane, eller er det andre årsaker til at menneskerettane stadig vert krenkte i Iran og andre muslimske land? Dette var eitt av spørsmåla som vart diskuterte på eit ope seminar på jussbygget denne veka.
Er menneskerettane universelle, eller er dei eit produkt av eit vestleg verdsbilete? Kan dei bli meir universelle om ein inkluderer islamske perspektiv i større grad? På seminaret heldt professor Uichol Kim og førsteamanuensis Henriette Sinding Aasen kvart sitt føredrag om desse spørsmåla, frå kvart sitt faglege utgangspunkt. Kim er professor i kulturell psykologi ved Chung-Ang University i Seoul, og gjesteprofessor ved Rokkansenteret og Juridisk fakultet. Sinding Aasen er førsteamanuensis ved Juridisk fakultet med mellom anna menneskerettar og internasjonal rett som fagområde. Sinding Aasen peika på at også den vestlege oppfattinga av menneskerettane kan førast attende til religion. – Koranen er det endelege ordet, og kan ikkje endrast. Men han kan tolkast på ulike måtar, og innanfor islam er det mange retningar som tolkar Koranen ulikt. Samstundes er det viktig å hugse at Koranen til dømes gav rettar til kvinnene som forbetra deira stilling i samfunnet, og som kvinner i vesten ikkje fekk før mange hundre år seinare, fortalde Sinding Aasen, og nemnde arverett og rett til å eige medgift som døme. Koranen etablerte også forbod mot å drepe jentebarn, som var ein vanleg praksis på profeten Muhammed si tid. Sidan Koranen gjev basale normative retningsliner, men ikkje klare reglar for rettssystemet, har islamske samfunn måtta utvikle andre strategiar. Her ligg det ein sterk vekt på menneskeleg fornuft. Samstundes meinte begge at vi i Vesten har ei oppfatting av omgrep som fridom, som kanskje ikkje er kompatibel med oppfattinga av det same omgrepet i muslimske land. Til dømes er det ikkje lov for muslimar å øydeleggje sin eigen rasjonalitet ved å bruke narkotika eller alkohol, noko ein i vårt samfunn vil rekne som ein personleg fridom. Den som gjer det, kan ikkje kjenne Gud, og kan ikkje ta dei rette avgjerdene. I islam legg ein dessutan sterk vekt på individet sitt ansvar for fellesskapen, og ytringsfridomen går difor ikkje så lang som i Vesten, fordi han blir avgrensa av omsynet til fellesskapen.
Menneskerettar forankra i religion
– Den engelske filosofen John Locke tok utgangspunkt i at mennesket er skapt av Gud, og som Guds skaparverk er vi fødde frie og like. Dette sto i motsetnad til tidlegare førestillingar om at vi som menneske er fødde inn i eit fastlagd livsløp. Locke meinte at Gud gav oss fornufta, og at fornufta ikkje eksisterer i eit vakuum, men i eit samfunnsfellesskap med Gud i sentrum. Den vestlege ideen om at alle menneske er fødde frie og like og med same grunnleggjande rettar, kunne ikkje oppstått utan forankring i kristendommen, sjølv om vi i dag ser på desse ideane som uavhengige av religion, sa ho.
Som motstykke til dagens vestlege menneskerettsomgrep har vi samfunn som Iran, der det ikkje finst noko prinsipielt skilje mellom kyrkje og stat, og mellom rett og religion. Koranen og profeten Muhammed sine ord og gjerningar dannar rammeverk for lova, men desse kjeldene må heile tida tolkast ved hjelp av det menneskelege intellektet.
Patriarkalske kulturar
Sinding Aasen peika på at det finst ein sterk rasjonell tradisjon innanfor islam, på grunn av at dei religiøse kjeldene berre har avgrensa evne til å regulere alle spørsmål i samfunnet. Men patriarkalske kulturar har hindra kvinner frå å delta i kunnskaps- og rettsutviklinga, og difor har samfunnet og retten vore sterkt mannsdominert. Ho rekna likevel med at det berre er eit spørsmål om tid før argumenta til muslimske feministar får gjennomslagskraft i samfunnet, basert på det grunnleggjande prinsippet i islam om likskap mellom menneske.
– Når det gjeld Iran, er det er ikkje lenger så mange restriksjonar på utdanning for kvinner, og det er aukande sosial aksept for at kvinner tek utdanning, sjølv om dei framleis har problem på arbeidsmarknaden. Men med tida vil det bli vanskeleg å oversjå kvinnene i Iran, ikkje minst etter utenemninga av Shirin Ebadi som den første kvinnelege muslimske fredsprisvinnaren.
Kombinerer Koranen og fornufta
– Det finst ein juridisk metode som blir kalla uavhengig juridisk resonnering, som blir nytta for å finne løysingar på rettslege spørsmål som ikkje er løyste i Koranen eller av profeten Muhammed. Denne metoden legg opp til ein funksjonell harmoni mellom guddommelege openberringar og menneskeleg fornuft. Mange menneskerettsspørsmål kunne ha vore løyste om denne strategien hadde vore betre utvikla, trudde Sinding Aasen.
Fredsprisvinnar Shirin Ebadi, som både Kim og Sinding Aasen har samarbeida med, er sjølv muslim og ser ingen motsetnad mellom å vere muslim og å slåst for menneskerettar og rettar for kvinner. Uichol Kim poengterte at problemet i samfunn som det iranske, er at styresmaktene ikkje er representative for folket.
– Fleirtalet både av studentar og professorar i Iran er kvinner. Men dei slepp ikkje til med sine argument i samfunnet, fordi media er kontrollerte av staten. På TV ser ein berre den oppofrande mora og hustrua. Det er eit problem, fordi det ikkje representerer røyndomen i det moderne Iran, hevda han.
Oppfattar omgrepa ulikt
– Vesten prøver å lære iranarane menneskerettar, men den persiske kulturen utvikla idear om menneskeleg fridom og grunnleggjande rettar lenge før desse ideane fann vegen til Vesten. Dei problema som finst i Iran er mykje knytt til det konservative presteskapet sitt maktmonopol, og til manglande demokratisk representasjon. Ein liten, konservativ elite avgjer kven som skal sitje i parlamentet og ha viktige stillingar i staten. Det såkalla vaktarrådet stoggar viktige lovreformer ved å vise til at dei strir mot islam. Regjeringa har også kontroll over militæret og økonomien. Problemet er at den oppfattinga av islam som blir handheva av presteskapet, ikkje samsvarar med folket si oppfatting. Shirin Ebadi har sagt at regjeringa nyttar islam som eit slør for å tildekkje korrupsjon og maktmisbruk. Men samstundes er også vestlege media kontrollerte. Dei er dominerte av stereotypiar. Kvifor ser vi så sjeldan intervju med muslimske akademikarar, som kunne gje eit meir nyansert bilete av islam? Folk i Vesten veit svært lite om islamske samfunn, og her har universiteta ei rolle å spele, sa Kim.
Målet til initiativtakarane er å skipe til liknande seminar kvart semester, der spørsmål kring demokrati og menneskerettar kan diskuterast i eit tverrfagleg forum.
– Akademiske miljø i Vesten er svært spesialiserte, og det kan hindre fagleg utvikling. Vi treng kunnskap og perspektiv frå mange fagmiljø og kulturar for å kunne arbeide med problemstillingar knytt til menneskerettar og demokrati i ulike kontekstar, meinte Kim.