Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Litteraturtidsskriftet Vagant er tjue år. Litteraturvitarar på UiB var med på å få redaksjonen til det anerkjente tidskriftet over fjellet til Bergen.
– Me bruker å seie at me ikkje er eit akademisk tidsskrift, seier Audun Lindholm, redaktør i Vagant. Men tidsskriftet held seg med mange skribentar som held til på høyden, nærare bestemt på Sydnes. Både av tilsette, studentar og tidlegare studentar. Blant den første bergenske redaksjonen, finn ein Eirik Vassenden og Jørgen Sejersted, førsteamanuensisar i høvesvis i litteraturvitskap og nordisk. På torsdag er årets siste nummer, jubileumsnummeret, på gata. Litteraturtidsskriftet er tjue år i år, det starta i Oslo, men flytta over fjellet for snart ti år sidan. Årsaken til det, var eit sterkt litteraturvitar- og forfattarmiljø i Bergen. – Det var folk som Jørgen Sejersted, Nora Simonhjell, Eirik Vassenden, Karl Ove Knausgård og Finn Iunker. Først vart det oppretta to parallelle redaksjonar i Bergen og Oslo som veksla på å gje ut nummer. Bergensredaksjonen viste seg å interessante idear og fekk ut gode nummer, så redaksjonen vart flytta permanent, seier Audun Lindholm. Han tilsett redaktør i bladet, og har nettopp inngått ein ny toårig samarbeidsavtale med Cappelen Damm forlag. I den avtalen ligg at bladet framleis skal vere i Bergen. Essayistisk og akademisk – Me vil ikkje ha tekstar i den akademiske forma. Me jobbar for å få skribenten til å skrive essaystisk, seier Lindholm. Han trekk fram litteraturprofessor og fast bidragsytar Gisle Selnes som ein svært god essayist, saman med professor Arild Linneberg. Men det er ikkje alltid det er like lett å få alle akademikarar til å lausrive seg frå den akademiske stilen. – Ein lærer ikkje å skrive godt på universitetet, seier Lindholm. Då tenker han på at det ikkje handlar om at tekstane er vanskelege eller lite tilgjengelege. Etter hans meining er mange tekstar i den akademiske forma kjedelege og dårleg skrivne. Tekstane kan vere repeterande og monotone, med eit lite spanande vokabular. – Eg meiner essayet er ein ideell måte å bruke akademiske fag utanfor universitetet, seier han. Skandinavia i Bergen Med tidsskriftet har dei to ein visjon om å stimulere og utfordre både lesarar og forfattarar. Dei ønsker ikkje nødvendigvis å berre ha formidlande tekstar. – Også det å sjå på kva som kjem ut og er skrive om litteratur både i Sverige og Danmark er viktig for oss. Me prøver å skyve merksemda over på det som føregår i andre offentlege ordskifte enn det norske, seier Tenningen. Lindholm legg til at tiddskriftet vert lese og omtalt både i Sverige og Danmark. SÅ har tidsskriftet også jamnleg bidragsytarar frå dei skandinaviske landa. I det kommande nummeret er det bidragsytarar frå Stockholm, Malmö, Århus og København. Tekstane vert ikkje omsett. – Me meiner det språklege skiljet i Skandinavia er kunstig, seier Lindholm. Til og med på jubileumsfesten snik ein københavnsk tradisjon seg inn. Når jubileumsutgåva no er ferdig, blir det fest for redaksjonen med københavnsk piratopplesing.
At Vagant ikkje reknar seg automatisk som eit akademisk tidsskrift har først og framst med skrivemåten å gjere.
Tidsskriftkontoret i Nygårdsgaten er tapetsert med ulike tidsskrift år tilbake i tid. Redaktøren og redaksjonsmedlem Sigurd Tenningen sit på kontoret og frys, i dag har omnen streika.