Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsstyret gjorde ingen vedtak i spørsmålet om styringsformer ved UiB på sitt siste møte. Saka er no utsett til november.
Styret ved Universitetet i Bergen UiB bestemte seg for å vente til neste møte med å gjere vedtak som knyter seg til spørsmålet om styrarar, dekanar og rektor i framtida skal tilsetjast eller veljast av fagleg tilsette og studentar. Det knytte seg stor spenning i forkant av møtet på Solstrand Hotell 21. oktober til korleis styret ville handtere saka. Saksframlegget frå universitetsdirektøren til møtet har blitt møtt med til dels sterk kritikk frå ei rad fagleg tilsette ved UiB, fordi det opnar for tilsett rektor ved universitetet – dersom forslaget til ny universitets- og høgskolelov blir vedteke i si noverande form i Stortinget i februar neste år. 13 prominente professorar sendte før møtet eit brev til styret med krav om fagleg valt rektor, uansett utfall i Stortinget. – Eg trur ikkje dette er måten å handsame fakulteta på. Vi bør ta ein ny runde om dette på institutt- og fakultetsnivå, sa rektor Kirsti Koch Christensen, som er tilhengar av tilsette dekanar.
Tilsette dekanar?
Det var likevel ikkje berre spørsmål om rektorrolla som sto på dagsorden på Universitetsstyrets møte . Spørsmålet om korleis fakulteta og institutta skal styrast vekte debatt. I eitt av framlegga til vedtak heiter det at alle fakulteta skal ”utarbeide forslag til utlysing av stilling som dekanus”. Problemet er, vart det påpeikt frå fleire representantar, at fakulteta ikkje har teke formelt stilling til spørsmålet.
Ny runde
Dei eksterne styremedlemene var delt i synet på saka. Arne Skauge ønskte fortgang i prosessen, medan Anne Lise Ryel var av ei anna oppfatting:
– Det er behov for å sjå alle endringane i samanheng, på korleis dette endrar universitetet og få ein diskusjon rundt dette.
Med styret si avgjerdsle om å utsetje saka er det no rom for den debatten. Neste møte er 25. november.