– Ingenting er meir skremmande enn likskap

Publisert

At folk er ulike er viktigare enn alt, fordi alternativet er så skremmande. Folk er redde for skilnader, medan dei burde vera mykje meir redd for likskap. Det meiner den nord-irske poeten Paul Muldoon som er Professor of Poetry ved Universitetet i Oxford.

– Verda ser meir og meir lik ut. Kvar du kjem er det ein MacDonalds. Eg er interessert i unntaka og i skilnadane, seier Muldoon.

Han passar inn i biletet av ein poet, med sine mørke, grånande krøller, briller med svart innfatning og fråver av slips - i ein ikkje heilt nypressa dress. På lunsjtallerkenen hans er det ulike typar sild. Han fortel at han er svært glad i sild, men det blir lenge mellom kvar munnfull, som irar flest er Muldoon ein engasjert samtalepartnar. Vi møter den 51-åringe diktaren i matsalen på Rica Travel Hotel i Christiesgate. Han er i Bergen i høve Nordic Irish Studies Network´s Conference som vart arrangert av Engelsk institutt, UiB 15 og 16 mai.

– Å forstå sitt eige liv

Muldoon vart fødd i Portadown i Nord-Irland 1951. Han studerte i Belfast og jobba som radio- og TV-produsent for BBC-Belfast ved sidan av forfattarskapen i mange år. I 1986 flytta han til USA der han framleis bur.

– Kan ein poet koma utanom politikken når han er fødd og oppvaksen i eit samfunn der kulturen blir skapt gjennom konflikt?

– Som diktar må ein prøva å forstå sitt eige liv - slik det er ei forlenging av alle andre sitt liv. Det politiske er del av livet til eitkvart menneske, og det er uunngåeleg at det skal finna vegen inn i dikta. Eg skriv om det som opptek meg, røyndommen i Nord-Irland er ein del av det. Barndomsminna mine er frå eit delt samfunn - men eg veit ikkje om det gjer det så spesielt.

Muldoon vil ikkje kalla seg ein politisk poet, men han er oppteken av politikk.

– Eg trur på toleranse. Mange må ta eit steg tilbake og tenka over kva dei vil. Kvifor dei vil det. Eg veit eg høyrest ut som ein liberalar, men eg likar ikkje at folk døyr for “den gode sak”. Det fins ingen rettvise saker, eller rettvise krigar. Det kjem an på kven som seier det. Dikta mine reflekterer kompleksiteten i dei ulike posisjonane folk har. Poeten brukar fantasien sin til å sjå føre seg korleis det ville vera å vera ein protestant eller ein katolikk. Om dei vil kan alle sjå med poeten sitt blikk - og slik gjera verda betre.


Ei uferdig kjensle

Irane har fostra mange av dei aller største forfattarane og poetane, og ingen var likesæle til heimlandet. Yeats, Joyce, Beckett, og seinast Seamus Heaney som har vore læraren til Muldoon - alle hadde dei eit sterkt tilhøve til det irske - på godt og vondt.Yeats engasjerte seg for frigjering frå England og klandra seg sjølv for å ha ført unge menn i døden gjennom si dikting, Joyce skreiv i opposisjon til den gæliske renessansen i si tid - og gav i Ulysses eit bilete av noko som kunne vera ei inkluderande irsk identitet. Samuel Beckett, som vann nobelprisen i 1969, kutta alle band til heimlandet. Likevel var alt Beckett skreiv djupast nede rotfest det irske, meiner Muldoon, som sjølv har blitt rekna for å vera i opposisjon til navlebeskuande irsk nasjonalisme.

– Det stemmer ikkje, seier han, men ein treng ikkje drepa kvarandre for å visa at ein er ulike. Men om folk kallar meg ein irsk diktar er det fint. Eg har ikkje noko i mot det. Snarare ser eg det som ei ære.

I dikta sine vender Muldoon seg mot ei framtid som ikkje er definert, og det fins inga enkel løysing. Nokon meiner han er ein vanskeleg diktar. Eksperimentering, transformasjon og dekonstruksjon av mange kjende og ukjende diktformer er bland Muldoon sine særtrekk. Sjølv kommenterer Muldoon det slik; Eg er i ein tradisjon, som krev ei viss kontinuitet, samstundes skal det vera noko heilt nytt; det nye som gjer at det kan verka vanskeleg tilgjengeleg til ein har kome inn i det. Muldoon har gjeve ut ei rekke bøker. Av dei mest kjende er “Meeting the British” frå 1987 og “To Ireland, I” frå 1999.

– Korleis kan det koma så mykje poesi ut frå eit så turbulent samfunn som Irland?

– Ein stad treng ikkje å vera i opprør for at det skal koma litteratur ut av det. Like gjerne kan det skuldast ei sterk interesse for språk, for forteljingar, irar er opptekne av at folk er flinke til å snakka, og om dei er morsomme. Irar har vore - og er - overveiande eit velutdanna folk, noko som har inkludert mykje lesing av poesi og litteratur. På eitt nivå er likevel spørsmålet om kven ein er heile tida tatt opp. Den uferdige kjensla ved plassen.er eit tema for alle innbyggjarar i Irland, og ikkje mindre for forfattaren.


USA- der ulikskapen bur

Plassen må likevel verka inn på kva ein skriv, det må vera annleis å skriva frå den andre sida av Atlanteren, undrar vi.

– Ja, det stemmer nok at staden ein ser frå verkar inn på det ein skriv - men ofte på andre måtar enn ein skulle tru;

– Då eg budde i Irland skreiv eg mykje om ting som rørte seg andre stader i verda, ofte i USA. Til dømes om dei amerikanske pionerane sitt tilhøve til indianarane og autoritetane i England. No skriv eg eindel om Irland. Det er noko med barndommen, den blir viktig, seier Muldoon.

Muldoon vil ikkje vera med på at han har prøvd å distansera seg frå Irland ved å dra.

– Nei, det hadde ingenting med det å gjera. Det vart berre slik. Eg har aldri kjent meg avgrensa eller ufri som diktar i Nord-Irland. Eg følte meg friare til å skriva og seia kva eg ville i Nord-Irland enn eg gjer i Statane etter 11.september. I USA blir det nesten ikkje stilt spørsmål lenger, seier Muldoon som er professor i kreativ skriving ved Princeton-universitetet, New Jersey.

Paul Muldoon kjenner seg heime i USA, han er gift med ein amerikansk forfattar og saman har dei to born.

– Mykje er bra med USA, ikkje minst at det er så enormt mykje ulikskap, og likevel fungerer samfunnet - og folk lever saman.Dei aksepterer seg sjølv som amerikanarar, det beundrar eg. For meg personleg spelar det også ei rolle at banda mellom Irland og USA er sterke - folk er ikkje særskilt opptekne av bakgrunnen min - dei fleste kjem frå ein annan stad, seier Paul Muldoon, og ser mildt iretjesetjande på meg når eg spør om folk ofte konfronterer han med den nord-irske bakgrunnen.

– Og kva er eigentleg identitet ? Sjølv er eg både det eine og det andre - eg har ein samansett identitet


Ei krevjande oppgåve

Å ha tittelen Professor of Poetry of Oxford er det høgste ein poet kan koma. Omlag som å vinna nobelprisen i lyrikk. Tittelen går i arv - og det er førre poet som peikar ut sin etterfølgjar - i dette tilfellet James Fenton. Paul Muldoon er ikkje heilt sikker men han trur han er den 42 i rekka. Han har hatt tittelen, som er for fem år, sidan 1999.

– Det er både gøy - og ei bør. Å produsera noko originalt er hardt arbeid - men eg lærer mykje av det sjølv.

Powered by Labrador CMS