Inhabilitet i valstyret

Publisert



Både Inger Lise Teig og Bjarne Meidell har meldt seg inhabile i Det sentrale valstyret i perioden fram til rektorvalet er over. Dei to deltek i valstyret i forhold som gjeld val til nytt universitetsstyre.

Meidell er blant forslagsfremjarane for Sigmund Grønmo på den første forslagslista. Meidell meldte i frå i februar på møte i valstyret om sin inhabilitet. Inger Lise Teig meldte nyleg i frå etter ho hadde vore på møte for ein av rektorkandidatane.

– Meidell meldte i frå i god tid, og deltek ikkje i valstyret sine møter der rektorvalet er tema, seier Gunnar Grendstad, leiar for Det sentrale valstyret.

I går meldte også Inger Lise Teig seg inhabil. Teig er stipendiat ved Rokkansenteret. Ho opplyser til På Høyden at ho har blitt for involvert i debattar rundt valet til at ho kan vurdere seg som habil. Ho ønsker ikkje at det skal kunne stillast spørsmål ved valstyrets habilitet.

Vararepresentantane til både Teig og Meidell blir no innkalla til valstyret sine møter.

Valstyret vert nedsett for ein periode på fire år, samanfallande med rektorperioden. Valstyret tar seg av alle sentrale val ved universitetet, det vil seie val til universitetsstyret og rektoratet.

Powered by Labrador CMS