Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Politiet har funne DNA etter to personar inne i Universitetsmuseet.
– Oslo universitetssjukehus har fått fram profilane frå materialet vi sende inn etter tjuveriet, fortel etterforskingsleiar i saka, Anita Dahl til Bergens Tidende.
I løpet av helga 11. - 13. august braut ein eller fleire tjuvar seg inn i dei Kulturhistoriske samlingar ved UiB. Rundt 400 vikingskattar blei stolne - og er framleis sakna frå museet.
Politiet har venta i fleire veker på analysesvara - og no har dei fått to DNA-treff som kan tilhøyra gjerningspersonane.
– Sjølv om vi no har ein klar DNA-profil er det ikkje sikkert at den stammar frå tjuvane. Profilane blir sendt vidare til Kripos, som vil undersøkje profilane opp mot DNA-registeret, fortel Dahl.
Les også: Herfrå kjem dei stolne vikingskattane
I DNA-registeret er det hovudsakleg tidlegare domfelte som er registrert.
Politiet fortel at dei pleier å få svar innan eit par veker.
Rektor ved Universitet i Bergen, Dag Rune Olsen håpar på ei oppklaring i innbrotet.
– Det er gledeleg nytt at den tekniske etterforskinga kan gi oss eit mogeleg svar på kven som utførte innbrotet. No håpar vi berre at Kripos får eit treff på DNA-profilane i registeret, seier han til BT.