Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsmuseet ber folk sjå etter dei stolne gjenstandane på internett.
Onsdag ettermiddag melder Universitetsmuseet at det førebelse talet på gjenstandar som er sakna etter tjuveriet i helga er på 245. – Dette er dessverre eit tal me veit vil auka, skriv dei i Facebook-gruppa «Tyveriet på Historisk museum».
Dei ber folk sjå etter tjuvgodset på internett: «Sjå etter kulturarven vår på Finn, Ebay og andre markeder», oppmodar dei.
Politiet blei varsla, og ein fann ut at tjuven eller tjuvane hadde klatra opp i eit stillas og teke seg inn via eit vindauge i sjuande etasje på tårnet.
Les meir: Her tok museumstjuvane seg inn
– Det som har skjedd er at dei har kome seg inn i magasinareala våre. Der har dei hatt tilgang både til gjenstandar frå eldre og yngre jernalder, og vikingtida, seier professor Liv Helga Dommasnes.
Museet har endå ikkje full oversikt over kva som er sakna, men har oppdaga at fleire kvinnesmykker frå vikingtida er blant gjenstandane som er forsvunne.
– Det som me umiddelbart såg var vekke, er ein god del kvinnesmykker: Sokalla skålforma elle ovale spenner. Det er kjolespenner dei brukte til å halda drakta oppe. Det har nok med å gjera at dei er små og hendige, og lette å ta med seg, samanlikna med sverd til dømes.
Skålforma spenner frå Vikingtida
Dei ønsker å gjera folk merksame på kva gjenstandar som er vekke.
– Viss nokon ser slike gjenstandar i omløp, så må dei ta kontakt med museet. Nokre av tinga er bortimot unike, og andre har me fleire like av. Skålforma spenner var standardspenner for dei rike kvinnene, ikkje alle kvinner. Me har fleire, men dei som me saknar var gode eksemplar, seier Dommasnes.
Spenne frå vikingtida.
Dommasnes synest heile saka er svært sørgeleg.
– Eg er redd for at når me har gått gjennom det heile så vil me oppleva at me har mista ein del av sjela vår. Me må berre håpa på at det dukkar opp att. Me må understreka at me ikkje ha full oversikt, men me ser at dei har vore mange stadar, seier Dommasnes.
Det var først langt ut på dagen at dei tilsette fekk koma inn att i magasina.
– Tjuvane har vore i magasina, og der ligg gjenstandane i skap. Tinga ligg side om side, tett i tett. Det gjev ikkje same oversikten som når det ligg i ein monter. Difor er det usikkert kor mykje dei faktisk har tatt med seg.
Sjå fleire av dei stolne gjenstandane i bildeserien under: