Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
51-åringen hevda at han fann ein vikingskatt i ein plastpose utanfor Strax-huset, men blei ikkje trudd av retten.
Mannen samtykka i varetektsfengsling i Bergen tingrett i dag, og innrømmer skuld for grovt heleri, men ikkje tjuveri.
Til politiet har mannen forklart at han ikkje kjende til innbrotet på Universitetsmuseet. Ein del av tjuvegodset blei funne heime hos mannen, som bur i Bergen. Det er desse gjenstandane han hevdar at han kom over ved Strax-huset, berre 600 meter frå museet.
Men retten festar ikkje lit til forklaringa hans: Forklaringa framstår som tilpassa, skriv retten i fengslingsavgjerda.
Han er så langt den siste som er tatt for innbrotet på museet. Politiet meiner å ha oversikt over kva roller dei fire involverte har hatt:
Dei tre mennene er fengsla med restriksjonar på kontakt, slik at dei ikkje skal samkøyre forklaringane sine. Framleis manglar nær 100 gjenstandar, ein del av dei i gull eller materiale som kan minne om gull.
– Eg trur nokre av dei som er varetektsfengsla veit meir om kor resten av gjenstandane er, seier politiadvokat Revheim.
Ho håper at personar som kan sitte med gjenstandar melder seg, eller leverer dei tilbake til museet eller politiet på andre måtar.