Politiadvokat Linn Mari Søfteland Revheim utelukkar ikkje fleire arrestasjonar i saka.

Sikta for tjuveri eller heleri

Publisert

Den eine av dei to pågripne i samband med museumstjuveriet er sikta for både tyveri og heleri. Det gir håp om at i alle fall noko av dei stolne vikingskattane er funne igjen. 

Mannen, ein 41-åring frå Bergen, erklærte delvis straffskuld i fengslingsmøtet i dag, sa forsvararen Tore Johan Sørland til BA etter møtet. Avisa var først ute med å melde om gjennombrotet i den høgt profilerte saka. 

Politiet har bede om varektektsfengsling for dei to mennene som er pågripne i samband med musemumstjuveriet i fire veker. 

41-åringen er sikta for grovt tyveri frå offentleg bygg, eller subsidiært grovt heleri. Det tyder på at i alle fall delar av vikingskattane er funne, og kan knytast til 41-åringen. 

41-åringen er ifølgje BA uføretrygda, og busett i Bergen. Han har fleire dommar frå før, og fekk i februar 2017 ein dom på 45 dagars fengsel. 

Kan bli fleire

Politiadvokat Linn Revheim hadde lite å seie etter dei to fengslingsmøta i dag. 

– Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje seie noko som helst om saka. Men når nokon er pågripne i saka har det vore ein viss progresjon, seier ho. 

– Kan det bli aktuelt å pågripe fleire i saka? 

– Kanskje, seier Revheim til På Høyden. 

Ho opnar for at politiet kan fortelje meir om saka etter at avgjerda frå retten kjem. 

Det er ikkje kjent om DNA-et til dei to mennene stemmer med det dei fann på åstaden, men søk i registre har tidlegare ikkje gitt svar. 

Forsvararen til den andre mannen, Richard von der Fehr, vil ikkje svare på om hans klient erkjenner straffskuld for forholda. 

Powered by Labrador CMS