Ole Asbjørn Nilssen er straks sisteårsstudent og vert lektor med matematikk. Han underviser ferske studentar som tek oppfriskingskurs. Sondre Kolbeinsen (til høgre) skal òg verta matematikklektor om nokre år. Foto: Hilde Kristin Strand

Brukar ferien til matte-oppfrisking

Publisert

Om lag 200 studentar møtte i Realfagbygget ei veke før alle andre. Årsak: Oppfriskingskurs i matematikk.

– Det var mykje rustent som måtte varmaast opp. Men det kjem tilbake no, sakte, men sikkert, smiler Sondre Kolbeinsen.

Frå måndag er han lektorstudent med matematikk som fag. Men denne veka har han òg brukt på tal og grafar. Kolbeinsen er ein av om lag 200 studentar som har møtt til opp oppfriskingskurs før studiestart.

Studentar underviser

– Instituttet har arrangert slike kurs i om lag femten år, seier Kristine Lysnes, studierettleiar ved Matematisk institutt.

Kurset er frivillig, og ferske studentar melder seg på når dei elles bestemmer seg for kva kurs dei skal ta det første semesteret. Det eine kurset er for dei som skal ta Mat111, som er det mest avanserte innføringsemnet. Det andre er for dei som skal ta fag der matematikk er eit støttefag, til dømes studentar i biologi, molekylærbiologi eller geovitskap.

På pensumlista står mellom anna talmengder, funksjonar, likningar, trigonometri, derivasjon og integrasjon. Ole Asbjørn Nilssen er ein av dei som underviser. Han skal begynna på siste året av lektorutdanninga i matematikk.

– Eg synest det er kjekt å undervisa. Det er ei god røynsle å ha med seg, seier Nilssen.

Det er studentar som underviser komande studentar, og dei er løna av instituttet.

Sondre Kolbeinsen tenkte at han ikkje skulle verta mattelektor. Men no ser det ut til at det er det han vert likevel.

– No har eg ikkje hatt matte på to år, og eg kjenner at eg hadde behov for denne veka. Eg brukte mykje tid på matematikkfaget på vidaregåande, eg trur det er eit fag der det løner seg å jobba jamnt og trutt, seier han.

Ulik bakgrunn

I kantina i Realfagbygget sit den andre gruppa. Røynde studentar med UiB-t-skjorter bevegar seg mellom borda og svarar på spørsmål frå ferskingane som jobbar med oppgåver. Kvar dag har starta med førelesing om ulike emne.

– Det var veldig kjekt å undervisa i fjor, så eg meldte meg i år òg, seier Anita Gjesteland.

Ho tek master i anvend matematikk. Gruppa ho underviser har litt ulik bakgrunn.

– Det er litt varierande kva vidaregåande-fag dei har hatt, seier Gjesteland, og fortel at dei no har vore gjennom både funksjonar, trigonometri og derivasjon.

Nora Hobæk Hovland er med som gruppeleiar for første gong. Ho er nett ferdig med ein bachelor i anvend matematikk.

– Me ser at det er mykje folk på førelesingane, men så vert det tynna litt ut utover dagen når det er oppgåveløysing, seier ho.

Kurset gir ikkje studiepoeng og har ingen avsluttande prøve.

– Men me tek kanskje ein liten quiz, smiler Ole Asbjørn Nilssen.

Anita Gjesteland og Nora Hobæk Hovland studerer anvend matematikk, og brukar ei sommarveke til å undervisa komande realfagsstudentar. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS