Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Bergen knyter band til University of Zululand i Sør-Afrika.
Ein utvekslingssavtale mellom dei to universiteta vart nyleg signert i Bergen, då ein delegasjon frå University of Zululand (Unizul) besøkte byen. – Dersom vi berre fokuserer på dei tradisjonelt kvite universiteta, står vi, utan å ville det, i fare for å reprodusere ulikskapane frå apartheid-tida. Om vi skulle avgrense oss til dei tradisjonelt kvite eliteuniversiteta, ville vi dessutan fått eit veldig smalt innsyn i det akademiske livet i Sør-Afrika. Internasjonalisering av universiteta er i dag eit mål for den sør-afrikanske regjeringa. Og rektor Gumbi har store forventningar til samarbeidet med UiB. Unizul har frå før avtalar med fleire amerikanske universitet. Unizul skal vere klar til å ta imot dei første norske studentane i 2005, og tilsvarande skal studentar frå universitetet i Kwazulu Natal-provinsen kunne reise til Bergen neste år. Også forskarar frå fleire fagområde får høve til gjensidig utveksling gjennom den nye avtalen
Frå før har Universitetet i Bergen (UiB) utvekslingsavtalar med fem sør-afrikanske universitet, men Unizul er det første tradisjonelt svarte universitetet som inngår formelt samarbeid (UiB har avtale med University of Western Cape, eit tradisjonelt “farga” universitet). Professor Nils Gilje ved Institutt for kulturstudiar og kunsthistorie, meiner avtalen er viktig:
Utvidar perspektivet
Unizul vart etablert i 1960 under namnet University College of Zululand, som eit ledd i apartheid-regimet sin segregerande utdanningspolitikk – med etablering av eigne institusjonar for svarte i dei avsondra Bantustanane. Dei nye universiteta måtte slite med eit minimum av ressursar, dårlege bygningar og svake lærekrefter. Unizul hadde ikkje lov å tilby høgare grad til studentane sine. Først i 1970 fekk lærestaden status som universitet.
I dag er University of Zululand eit universitet i rivande utvikling med over 9000 studentar, som kan ta både lågare og høgare grad innan ei rad fagområde.
– På 1960-talet var vi ein kunnskapsformidlar, i dag er vi også ein kunnskapsprodusent, seier rektor ved Unizul, Professor Rachel Vuyiswa Gumbi.
- Likeverdige partnarar
– Eg opplever at blir vi sett på som likeverdige partnarar, der både UiB og Unizul har særskilt ekspertise å tilby kvarandre, seier ho.
Frå norsk side er det Nils Gilje og Sølvi Lillejord ved Seksjon for utdanningsvitskap som har drive fram samarbeidet mellom dei to universiteta. Begge har tatt del i opprettinga av eit senter for folkelege kunnskapsformer ved Unizul, Indigenous Knowledge Systems Unit (IKS). Eit sentralt mål for senteret er å systematisere kunnskap som under det tidlegare politiske regimet vart undertrykt eller neglisjert
– Omgrepet ”folkelege kunnskapsformer” omfattar eit breitt fagleg spekter, frå språk til botanikk, seier redaktør for det vitskapelege tidsskriftet Indilinga. African Journal of Indigenous Knowledge Systems, Queeneth Mkabela. Publikasjonen vart lansert i 2002 med økonomisk stønad frå mellom anna Meltzerfondet ved UiB.
Fleire fagområde
– University of Zululand er eit spesielt og interessant universitet. Vi har alt eit veletablert forskingssamarbeid, og den nye avtalen gjer utveksling aktuelt på ei rad fagområder, seier rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen.