Eit eventuelt erstatningskrav mot dei som har sete i styret til Innovest ville uansett ha vore for gammalt, meiner jussprofessor Rune Sæbø. Men både UiB og Kunnskapsdepartementet held dokumentet hemmeleg.

Forelda styreansvar

Publisert

Både UiB og Kunnskapsdepartementet vil halde eit viktig dokument om styreansvaret i Innovest-saka hemmeleg. Men På Høyden kjenner konklusjonen: Saka er forelda.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde allereie før styremøtet 27. november avgjort at dokumentet der jussprofessor Rune Sæbø gjorde greie for om styret i skandaleselskapet Innovest AS har eit juridisk ansvar for dei mange kritikkverdige praksisane i selskapet, skulle haldast hemmeleg.

Styreansvar gjeld ikkje
Direktøren viser til §15 i offentleglova, som gir høve til å hemmeleghalde dokument som gir det offentlege råd om korleis dei skal stille seg i ei sak, om det er «påkravd av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i saka».

– Vi har konkludert etter ei solid juridisk input til styret i saka at det ikkje er grunnlag for å gjere styreansvaret gjeldande, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen då På Høyden intervjua han etter styremøtet 27. november 2014.

Professor Sæbø, som har gjort vurderingane for UiB, har mellom anna vore vikardommar i Høgsterett, og har jobba vitskapleg med nettopp styreansvar. Vurderinga til UiB står difor truleg på trygg, juridisk grunn. 

Gir likevel ikkje ut vurdering
Men trass i at UiB har gjort det klart at dei ikkje vil dra det tidlegare Innovest-styret for retten, og at UiB dermed har tatt si endelege avgjerd i saka, vil både UiB og Kunnskapsdepartementet hemmeleghalde informasjonen om ansvaret for den mykje omtalte Innovest-skandalen.

Som På Høyden tidlegare har skrive måtte eigarane inn med millionar av kroner for å dekke tapet etter høgrisiko-investeringar i innovasjonsselskap. Dette har kosta det offentlege 15 millionar kroner i reine utgifter for Helse Bergen eller tapte overføringar til UiB frå Stiftelsen Universitetsforskning. Saka har fått stor merksemd i mediene, og UiB og Helse Bergen har varsla sivilt søksmål mot professor emeritus Amund Gulsvik, og den tidlegare Innovest-direktøren Arne Godal. Helse Bergen har dessutan meld medisinprofessor Per Bakke til politiet, og varsla sivilt søksmål mot han etter at han tok ut 3,38 millionar kroner i løn mens han var på eit forskingsopphald i USA. Politietterforskinga resulterte i at politiet ikkje fann nokon grunn til å reagere strafferettsleg mot Bakke. 

Sivilombodsmannen
Dokumentet som UiB og Kunnskapsdepartementet ønskjer å halde hemmeleg konkluderer altså med at eit eventuelt styreansvar er forelda. Men det inneheld truleg og ei velkvalifisert vurdering om kor stort ansvar styret har hatt i saka. På Høyden kjem  difor til å klage avslaget om innsyn til Sivilombodsmannen. Styret i Helse Bergen har ikkje drøfta ansvaret til Innovest-styret. I tillegg har helseforetaket brukt økonomidirektør Eivind Hansen til å rydde opp i skandalen, trass i at Hansen er direkte underlagd Stener Kvinnsland, som sat som styreleiar for Innovest i ei årrekkje. 

Innovest

Selskapet ble opprettet i 1997. Eiere er Helse Bergen og Stiftelsen universitetsforskning Bergen (Unifob), med 50 prosent hver. Unifob er igjen kontrollert av UiB. 

Innovest har blant annet vært brukt til å administrere prosjekter med utprøving av legemiddel. 

I 2007 vedtok Kunnskapsdepartementet et nytt reglement for samarbeid mellom universitet og andre aktører. 

En gjennomgang gjort av revisjonsfirmaet KPMG viste i 2009 at det var vanskelig å få oversikt over virksomheten til selskapet. 

I 2010 ba UiB selskapet om nærmere informasjon, men daværende daglig leder Arne Godal nektet å gi innsyn. 

Forholdet mellom de to reelle eierne, UiB og Helse Bergen, har til tider vært anstrengt, blant annet på grunn av uenighet om hvor mye penger UiB skulle få for administrasjon og bruk av infrastruktur. 

Avtalen med Godals selskap ble sagt opp i 2013. Godal gikk til sak mot Innovest, men tapte på alle punkter i tingretten. Dommen ble ikke anket. 

Per Bakke ble politianmeldt av Helse Bergen, men saken ble henlagt etter etterforskning. Bakke ble også saksøkt av Helse Bergen, men partene inngikk forlik.

Amund Gulsvik ble saksøkt for 4,7 millioner kroner av både Helse Bergen og UiB. Men Gulsviks tidlegare arbeidsgivararar tapte fullstendig i Oslo tingrett, og måtte ut med over 3,2 millionar kroner i advokathonorar og uteståande løn til Gulsvik. I tillegg fekk dei blankt avslag frå retten på at dei eig pengane som framleis står på kontoen til Gulsvik, ca. 4 millionar kroner. 

Arne Godal har fått varsel om at kan bli saksøkt, mens styret i Innovest foreløpig ikke er gjenstand for noen rettsprosess. Offentligheten er nektet innsyn i et dokument som UiB har fått utarbeidet rundt et eventuelt juridisk ansvar for styremedlemmene i Innovest AS.

Helse Bergens mangeårige administrerende direktør, Stener Kvinnsland, satt i en årrekke som styreleder i Innovest.  

Med ett unntak har alle sakene om Innovest vært behandlet bak lukkede dører i universitetsstyret. 

Powered by Labrador CMS