Universitetsstyret har avgjort at det ikkje blir noko søksmål mot Stener Kvinnsland og dei andre styremedlemmene i Innovest AS.

Går ikkje til sak mot styret

Publisert

Berre tidlegare dagleg leiar og to forskarar må stå til ansvar i Innovest-skandalen. Universitetet har avgjort at dei ikkje vil gå til sak mot styret.

– Vi har konkludert etter ei solid juridisk input til styret i saka at det ikkje er grunnlag for å gjere styreansvaret gjeldande, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. 

Sjå intervjuet med Olsen: 

Jussprofessor Rune Sæbø har gitt ei vurdering i saka, men Sæbø vil ikkje kommentere om det ikkje er grunnlag for noko krav mot styret, eller om kravet berre er forelda. 

Universitetet i Bergen har unntatt dokumenta i saka, noko På Høyden kjem til å klage på. 

Powered by Labrador CMS