Institutt blir ikkje delt

Publisert

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium vert nettopp det i framtida òg.

Dela eller ikkje dela? Det har vore spørsmålet som har vorte drøfta ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i vår. Måndag konkluderte instituttrådet: Ikkje dela.

– Me konkluderte med at me ser ikkje at det er grunnlag for å be om deling, seier instituttleiar Johan Myking.

15,4 prosent ønskjer deling
Saka byrja med at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet skulle evaluera instituttstrukturen – fem år etter at mange små einingar vart fem ganske store. I uttalane til fakultetsstyret kom det fram at dei andre institutta var nøgde med strukturen, men det var ikkje LLE. Instituttet er for stort og heterogent, og det er for stor fagleg spreiing, er nokre av momenta det vart peika på.

I løpet av våren har stemninga endra seg. Ei undersøking blant dei vitskapeleg tilsette ved instituttet viser at 15,4 prosent av dei som svarte ønskjer deling. Det vil seia ti av dei 65 personane som deltok. Oppslutnaden i undersøkinga var på vel 54 prosent.

– Dei ti kjem frå ulike fagmiljø. Det er ingen fagmiljø der det er fleirtal for deling, og det er ingen fagmiljø som har ytra ønskje om at instituttet skal delast, seier Myking.

– Kvifor kjem andre synspunkt fram no?

– Eg trur nokre er litt resignerte og synest det er viktigare med arbeidsro enn med ein ny omstillingsprosess. Andre har nok fått modna synspunkta sine. Men dei som stod fram som talspersonar for deling, har nok ikkje endra syn, trur Myking.

Han seier at stemninga på instituttet heile tida har vore sakleg, roleg og beherska.

– Dette er ikkje eit hus i krig med seg sjølv.

– Reell misnøye
Sjølv om instituttet no ønskjer å framleis ha det lange namnet og femna mange ulike faggrupper, meiner instituttleiaren at det trengs nokre organisatoriske endringar.

– Me treng òg ein gjennomgang av rutinar. Det verkar som om fakultetsleiinga har forstått at dette er naudsynt, og det er eg glad for, seier Myking.

– Mykje av den misnøyen og frustrasjonen som kom fram i høyringsrunden er reell, det er mykje som ikkje fungerer på eit stort institutt. Det er ein del tema frå samanslåingsprosessen i 2006 og 2007 som ein aldri har fått lufta – før no.

Endeleg vedtak 11. juni
– Eg tek vedtaket i instituttrådet til etterretning, seier dekan Gjert Kristoffersen.

– Men med utgangspunkt i forarbeidet trur eg dette er eit godt vedtak, legg han til.

Saka skal endeleg handsamast i fakultetsstyret 11. juni.

Kristoffersen er tydeleg på at vedtaket instituttrådet har gjort ikkje løyser problemet.

– Problemet består, og det må me arbeida vidare med. No må me jobba med andre løysingar innan rammene av dagens LLE, seier Kristoffersen.

Instituttrådet ved LLE sa denne veka nei til deling. Fakultetsstyret skal endeleg avgjera saka i juni. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

 

Powered by Labrador CMS