Det er ikkje Platon som kjem. Men det kjem truleg ein europeisk topp-filosof til Institutt for filosofi og førstesemesterstudium frå nyttår.

Har kalla sveitsisk topp-professor

Publisert

Dersom alt går etter planen, kjem ein sveitsisk filosofi-professor til UiB ved årsskiftet.

Denne veka vedtok fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet å kalla ein sveitsisk filosof til professorstilling ved UiB. Dette skjedde etter at HF og Det samfunnsvitskapelege fakultetet fekk dela den siste toppforsk-potten.

– Me håpar professoren kjem til Bergen, seier HF-dekan Margareth Hagen.

Professoren heiter Michael Baumgartner og er i dag professor i filosofi ved Universitetet i Geneve. Han har doktorgrad i filosofi frå Universitetet i Bern. Ved UiB skal han jobba med vitskapsfilosofi, og skal òg bidra til gruppa som jobbar med etikk og politisk filosofi.

– Planen er å oppretta i alle fall ei ph.d.-stilling og ein postdok knytt til forskargruppa han skal leia, seier Steinar Thunestvedt.

Han er administrasjonssjef ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Det er universitetesstyret som til sjuande og sist kallar toppforskaren. Deretter må Baumgartner sjølv seia endeleg ja til å koma til Bergen og UiB. Dersom dette går i orden, er planen at han kjem ved årsskiftet.

Powered by Labrador CMS