Arve Kjell Uthaug er redaktør for MelandJul og har i år intervjua Jon Fosse til bladet. Det er Meland mållag som står bak magasinet. – Me er fire gubbar i skriftstyret, det er ingen som har klart å kjønnskvotera oss, humrar Uthaug.

Ønskjer god jul med Fosse-intervju

Publisert

Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug har intervjua æresdoktor og Nordisk Råds litteraturpris-vinnar Jon Fosse til siste nummer at MelandJul.

– Eg måtte lesa meg litt opp. Eg les nok meir sakprosa enn skjønnlitteratur, og må tilstå at eg ikkje hadde lese noko av Jon Fosse, seier Arve Kjell Uthaug.

Han er administrasjonssjef på Institutt for framandspråk. Men han er òg med i Meland mållag og redaktør for årsskriftet MelandJul, som no er ute med den 31. utgåva.

– Min heim i verda
Jon Fosse bur delvis på Frekhaug, i tillegg til i Oslo og Wien. Å få den verdskjende forfattaren med i magasinet, var difor naturleg.

– Eg tok kontakt med Fosse på epost og spurte om han kunne tenkja seg å skriva noko for bladet. Han svara, og beklaga, at han stort sett takkar nei til slike oppdrag. Men han kunne stilla til intervju, seier Uthaug.

I intervjuet fortel Fosse mellom anna om forholdet sitt til nynorsk. Han har budd mange ulike stader, og ikkje heime i Strandebarm sidan han som femtenåring flytta til Øystese for å gå på gymnaset.

– Og alle desse stadene er det på eit vis nynorsken eg har halde meg fast i, det er så å seia den som har knytt meg til oppvoksteren min, som pregar meg slik han pregar alle så mykje, dessutan sjølvsagt og ikkje minst av di det er skriving eg har drive med i alle dei år – ja det nærmar seg vel førti, seier Fosse til MelandJul, og held fram:

– Nynorsken er min heim i verda, utan tvil.

I haust vart Jon Fosse æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Han fekk òg Nordisk Råds litteraturpris for trilogien med «Andvake» «Olavs draumar» og «Kveldsvævd».

Ny strilekrig?
Nynorsken er under press, både i Meland og i dei andre kommunane rundt Bergen. Uthaug fortel at barna hans snakkar bergensk – men skriv nynorsk.

– Kva er ditt forhold til nynorsk?

– Eg vaks opp tre steinkast frå Åsane senter, og kunne nok ha valt å snakka bergensk. Men eg har foreldre frå strilelandet og lærte nynorsk på Kyrkjekrinsen skule, seier Uthaug.

– Det går heilt fint å læra ungar med bergensk talemål nynorsk. Men dei må sjølvsagt utsetjast for nokre nynorske tekstar.

Fosse tek til orde for at kampen for nynorsken kan verta ein ny strilekrig. Han seier i intervjuet at ein stad går grensa for kva hardingar, vossingar, sogningar og strilar kan finna seg i, og at den grensa går ved språket.

– I hundrevis av år har bergensarane rakka ned på strilane og strilemålet, det vil seia på nynorsken, det aller viktigaste i strilekulturen, så om dei mislikar språket og kulturen slik, kvifor då busetjsa seg på strilelandet?

Arve Kjell Uthaug gjekk tur på Frekhaug saman med forfattar Jon Fosse. Biletet som vart valt er frå kaien på Frekhaug, med Nordhordlandsbrua i bakgrunnen. Faksimile: Hilde Kristin Strand

Fleire UiB-tilsette
MelandJul er eit lokalt magasin med artiklar om lokal historie, språk, og ymse anna. I år trekkjer Uthaug særleg fram artikkelen om eritrearane i Meland og deira musikk.

Artikkelen er skriven av ein annan UiB-tilsett, Jan Magne Steinhovden. Han er stipendiat ved Griegakademiet. Narve Bjørgo er professor emeritus i historie, Ragna Ådlandsvik er emerita frå Institutt for pedagogikk, og Marie morken er administrasjonssjef ved Universitetsbiblioteket. Alle har dei bidrege til magasinet.

– Me er heldige og har mange som skriv for oss. Om lag 15 skribentar er med, seier Uthaug.

Han ønskjer seg endå fleire saker for den yngre garde, og drøymer òg om ein lokal database med artiklar om Meland – mellom anna frå MelandJul.

– Kor mykje betyr det å ha med ein artikkel om Fosse?

– Det er sjølvsagt kjekt å kunne ha det med, men eg veit ikkje kor mykje det betyr for salet av magasinet. Kanskje er det nettopp det intervjuet lokalavisene nemner når dei omtalar bladet, seier Uthaug.

– I fjor selte me for første gong over tusen blad, og håpar å gjera det same i år òg. Så lenge nokon les det, og me får tilbakemelding om at lesarane likar det, vil me laga MelandJul, seier Uthaug.

Powered by Labrador CMS