Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det finst mange måtar å formidla forsking på. No gir enkelte miljø deg moglegheit til å få forskingsresultat rett i øyra.
Lars Erik Berntzen og Jonas Bergan Dræge ønska seg ein samfunnsvitskapeleg podkast som fokuserte på forsking, men samstundes dagsaktuelle tema. I 2016 fanst ikkje det i Noreg, så Berntzen og Dræge, som den gong begge var stipendiatar ved Det europeiske universitetsinstituttet i Firenze, bestemte seg for å laga sin eigen. Det er 50 episodar sidan.
For å starta enkelt: Ein podkast er rett og slett ei lyd- eller videofil som er kringkasta på nettet, og ein nyttar ei datamaskin, nettbrett eller smarttelefon for å spela dei av. Podkastar kan lagast ganske enkelt, mange podkastar er rett og slett studiosamtalar som er spelt inn med enkelt lydutstyr.
Tal frå USA viser at det no vert laga 550 000 podkastar på hundre ulike språk. I Noreg vert mange podkastar laga av NRK eller andre mediehus, men òg av produksjonsselskap som Rubicon. Berntzen og Dræge lagar podkastar i samarbeid med Monster. I tillegg finst det podkastar laga av både privatpersonar, institusjonar og politiske parti.
Ved Universitetet i Oslo forskar stipendiat Ragnhild Fjellro nettopp på podkastar.
– Eg har ikkje forska på lyttarar, så eg kan ikkje seia noko empirisk om korleis mediet fungerer som forskingsformidling. Men slik eg kjenner podkastmediet ser det ut til å forsterka nisjepreget i media, og vera ei gåve for dei litt meir nerdete blant oss, seier ho.
Husarbeid før og etter podkasten liknar ein revolusjon
Podkasten kan nemleg bryta med etablerte radiosjangrar og –format, og ein podkast er vanlegvis enkel å både produsera og distribuera. Det er ingen krav verken til lydkvalitet, lengdeformat, sjanger eller tematikk.
– Eg trur podkasten vil fungera ypperleg som medium for forskingsformidling, både populærvitskapeleg og i meir faglege samanhengar for studentar og fagfeller. Lydmedium oppnår ein eigen nærleik både gjennom den særeigne stemmebruken og den uforstyrra lyttinga, seier Fjellro, og viser til at ei mikrofonstemme kan kjennast nærare enn ei ordinær stemme i røyndommen. Dessutan lyttar ein ofte til podcastar og andre lydmedium tett inntil øyra. Dette kan skapa både ein større fortrulegskap og kanskje òg intensitet.
– Formidling gjennom lyd åleine, der ein ikkje er avhengig av å illustrera med bilete, gir mottakaren moglegheit til å danna sine eigne bilete. Indre bilete er som regel langt rikare, fordi ein unngår klisjéfulle og avgrensande illustrasjonar, og ein unngår òg potensielle fordommar visuelle inntrykk kan skapa, seier Fjellro.
Sjølv lyttar ho til podkast så ofte ho kan, men seier at ho ikkje kan gjera det medan ho held på med andre ting som krev skikkeleg konsentrasjon.
– Men eg høyrer typisk på veg til og frå jobb, medan eg trenar, og når eg lagar mat og vaskar. Husarbeid før og etter podkasten liknar ein revolusjon! Har eg en interessant podkast på øyra er det nesten ingen grenser for kor kunstferdig støvtørkar eg kan vera.
Lars Erik Berntzen fortel at både han og Dræge sjølve høyrte mykje på podkastar, både amerikanske, engelske og italienske. Når dei så bestemte seg for å laga sine eigne, begynte dei heilt enkelt. Etter nokre episodar tok dei kontakt med forskning.no, og no kan ein finna Politikk og Røvere, som podkasten heiter, på nettsida.
– Me har eit breitt spekter av lyttarar. Målet vårt er å nå dei som er frå 19-20 år og oppover. Dei aller fleste episodene er mynta på eit allment publikum av samfunnsinteresserte, medan nokre episodar er myntet på dei spesielt interesserte og folk med høgare utdanning. Til dømes laga me ein miniserie med fire episoder som tek føre seg metodar for å etablera sikre årsakssamanhenger, seier Berntzen.
No er han forskar ved UiO, Dræge er postdoktor ved Harvard. Det betyr at dei spelar inn fleire episodar når Dræge er i Noreg. Då må dei lesa seg opp på førehand.
– Me hadde med toppforskarar som Gøsta Esping-Andersen i studio, men sjølv om me opplevde at det vart interessant var det krevjande å få til ein naturleg samtale utan veldig lang planlegging. Den siste tida har me difor gått over til eit format med berre oss to. Då les me oss opp, trekkjer inn andre forskarar sitt arbeid, og har ein dialog mellom oss, seier Berntzen.
Dersom Dræge flytter tilbake til Norge kjem dei til å trekka inn fleire gjestar i studio att.
– Det heile starta jo med at me syntest me hadde mange interessante samtalar på veg opp til universitetet, og snakka om at me ville ta dei opp, i eit anna format enn spasertur, legg han til.
Kva som vert tema i podkasten er styrt av dei to forskarane sine interesser. Nokre gongar er det dagsaktuelle tema som er utgangspunkt, som valet i USA. Då var UiB-forskar Hilmar Mjelde viktig. UiB-professor Elisabeth Ivarsflaten har òg vore utgangspunkt for ein podkast.
Førebels er podkasten noko dei to forskarane gjer på fritida.
– Men me luktar på moglegheita til å utvida, dersom det finst finansiering. Me kjem òg med ei bok på Samlaget, som er basert på tema frå podkasten, seier Berntzen.
I Medielaben i Media City Bergen kan UiB-forskarar koma og laga sin eigen podkast. Det finst ei liste over UiB-podkastar, som var laga for eit par år sidan. Det er i dag fleire miljø som lagar podkastar. Eit av dei ligg i HF-bygget. Ved Institutt for framandspråk (IF) er det instituttleiar Åse Johnsen som syr det heile saman. Ho humrar difor høgt når På Høyden spør om å få vera med i studio.
– Det er meg, det. Eg har drive med nettundervisning i mange år og har ein viss digital kompetanse, forklarar Johnsen.
Som instituttleiar har ho gått i bresjen for at dei tilsette skal testa podkastmediet. Førebels handlar det mest om å gjera seg kjent med moglegheiter og avgrensingar, og med å verta vane med å høyra si eiga røyst.
– Eg synest det mest morosame var at det er så lett å høyra at eg er trønder, ler fransk-professor Kjersti Fløttum.
Ho fortel at ho gjorde opptak rett inn på smarttelefonen sin. Neste steg, som har vorte diskutert i franskgruppa, er om fleire tilsette skal laga ein podkast saman, der dei diskuterer eit fagleg tema.
– Men eg merkar at eg må snakka på ein annan måte når eg lagar podkast enn når eg har førelesing. Då vert eg veldig tydeleg, no er eg på ein måte litt nærare, seier Benedicte Irgens, som er førstelektor i japansk språk.
Målet er at IF-miljøa skal legga ut om lag ein podkast i veka. Tema varierer. Ingunn Lunde, som er professor i russisk språk og litteratur, la nyleg ut ein podkast om russisk humor.
– Eg har skrive ein fagleg artikkel om same emne, og eg har halde førelesing. Podkast er berre ein annan måte å formidla på, seier Lunde, som òg nyttar video i undervisninga si.
Lunde seier at ho førebels tenkjer at podkastane ho lagar skal kunne nå eit allment publikum. Men kanskje kan podkast òg nyttast i undervisning etterkvart. Noko av det som allereie er laga er «undervisningsaktig», og instituttleiaren satsar på meir slikt. Birger Solheim, førsteamanuensis i tysk språk, er samd.
– Eg tenkjer det kan vera fornuftig å knyta podkastane til undervisninga. Då veit ein at studentane høyrer på, og vips, så kan det me lagar spreia seg til fleire lyttarar òg. Me legg allereie ut ekstramateriell på Mitt UiB, og det spelar inga rolle om det er ein podkast eller ein power point-presentasjon, meiner han.