Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei tilsette på informasjonsvitskap ønsker å bli del av Institutt for informatikk. Mat.Nat-fakultetet er positive - men SV ønsker ikkje å gje frå seg stillingar.
– Me trudde eigentleg me hadde ei gladsak, fordi det endeleg har blitt einigheit i miljøa om samlokalisering. No er tida inne. Alle me som er tilsett i faste vitskaplege stillingar i informasjonsvitskap er einige om at me må omorganiserast. Alt me har høyrd frå informatikkmiljøet er positivt, seier professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap Andreas L. Opdahl (bildet).
Debatten har gått høgt i På Høyden den siste tida. Både tilsette på informasjonsvitskap og leiar ved Institutt for informatikk, Petter Erling Bjørstad, har i debattinnlegg gitt klart uttrykk for at dei ønsker ei samanslåing.
Initiativet frå dei tilsette ved informasjonsvitskap kom allereie sommaren 2016. Dei leverte då eit opprop til universitetsleiinga om at dei ønska å flytta frå Institutt for informasjons- og medievitskap på SV-fakultetet til Institutt for informatikk på Mat.Nat.-fakultetet.
Me trudde eigentleg me hadde ei gladsak
At tida er inne for å få eit sterka IKT-miljø ved UiB er mantraet som har gått igjen. Dei ønsker å behalda informasjonsvitskap som studieretning, men at den er lokalisert saman med informatikk. Studentane På Høyden har snakka med ser ut til å vera einige med dei tilsette ved informasjonsvitskap.
– Det er rart at me heldt til på SV. Det passar ikkje inn med nokon fag som er her. I tillegg er det mange fag som overlappar med fag som er på informatikk, det verkar ikkje lite effektiv bruk av ressursar av ein skal undervisa i dei same faga på to fakultet, seier andreårsstudent Stian Skulstad.
Det er rart at me heldt til på SV. Det passar ikkje inn med nokon fag som er her
Men dei som vil flytta ser ikkje ut til å ha fakultetsleiinga ved SV med seg på dette. SV-fakultetet eig stillingane ved Institutt for medie- og informasjonsvitskap, og dekan Knut Helland er tydeleg på at dei ønsker å behalda informasjonsvitskapsdelen på instituttet.
– Dei er tilsett her hjå oss, og her er det ein jobb å gjera. Me ønsker utan tvil at dei skal bli verande hjå oss, og at dei skal bli verande på ein god måte. Det har me uttrykt overfor dei som ønsker å flytta. Informasjonsvitskap er eit viktig fagmiljø for oss, både når det gjeld deira forskingsarbeid og når det gjeld utdanninga som dei driv. Me ønsker å legga til rette for at dei kan utfolda dette faglege arbeidet og utdanninga på gode måtar i eit godt samarbeid med informatikk og Mat.Nat., og i eit godt samarbeid med våre fagmiljø, seier dekan Knut Helland (bildet).
Dekan Knut Helland har også utdjupa synspunkta sine i eit innlegg i På Høyden.
– Å bli verande som et lite IKT-miljø på eit SV-fakultet er ikkje det beste på sikt, hverken for fakultetet eller for informasjonsvitenskap som disiplin, slår Opdahl fast.
Han fortel at når ein ser på dei andre miljøa i Noreg, så verkar det som om dei har ei klar fagleg sak.
Dei andre IKT-miljøa i Noreg har blitt mykje større enn i Bergen. Det er eit problem for heile regionen
– Dei andre IKT-miljøa i Noreg har blitt mykje større enn i Bergen. Det er eit problem for heile regionen. Me burde hatt eit kraftigare IKT-miljø. Dei to miljøa er sterke på sine felt, og me får mykje ut av ressursane, men me er små. Dette går også på attraktivitet, det å trekka til seg dei beste tilsette - og vera interessante for stipendiatar og postdoktorar, seier Opdahl, og legg til:
– Me trur dette vil betra breidda og djupna i fagmiljøet. Me er ikkje store gruppa på informasjonsvitskap viss me samanliknar oss med Oslo og Trondheim, som me bør konkurrera med. Me er små miljø, og me må sørga for at me utnytter dei ressursane me har best mogleg.
Han peikar også på korleis dei framstår overfor studentane.
– Me ønsker å trekka til oss dei beste studentane til Bergen. No er tilbodet vårt litt spreidd utover. Ein kan gjera mykje med å få til ein god prestasjon utad, men det er lettare når studentane kan sjå at det er eit institutt og eit fakultet, sjølv om det er to studieretningar. Eg trur me framstår som eit enklare og synleg val hvis me er samla.
Me driv ikkje med omorganisering på bakgrunn av innlegg i På Høyden
Masterstudentane på informasjonsvitskap, Mariah Vårum og Einar Søreide Johansen (bildet), er klare på at ei samanslåing vil vera til det betre.
– Me vil få fleire valmoglegheiter og kan gå meir spesifikt inn på eit fagområde. Eg trur at informatikk kan henta kunnskap frå informasjonsvitskap, og omvendt. På informasjonsvitskap er det meir praktisk retta, medan informatikk er meir teoretisk og matematisk, seier Vårum, som har ein bachelor i informatikk frå før av.
– Mitt inntrykk er at studentane stort sett er positive til ei flytting. Tilbodet kan bli betre fordi ein kan samla ressursane meir. No er ressursane veldig splitta, og viss ein er under same institutt, meinar eg det kan vera lettare å få samsvande kurs. Med eit so pass likt utgangspunkt som me har, er det rart å vera splitta. Eg trur det vil vera positivt for begge partar å få ei felles samla linje, seier Søreide Johansen som også er studentrepresentant i programrådet i informasjonsvitskap.
Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Helge Dahle er positiv til ei utviding av Institutt for informatikk.
– Eg har sagt veldig lenge at eg meiner at IKT-utdanningane i Bergen hadde vore tent med å bli sett i større samanheng. Me ønsker sjølvsagt informasjonsvitarane velkomne viss dei ønsker å komma til Mat.Nat.-fakultetet, men så har eg også respekt for at SV-fakultetet ønska å sjå den utdanninga i samanheng med sine studieprogram. Det har vore ein dialog med SV-fakultet kor dei har sagt veldig tydeleg til oss at dei ikkje ønsker å flytta stillingsressursar, det respekterer me sjølvsagt.
Han opnar for andre moglege løysingar for å betra samarbeidet.
– Det er mange måtar å handtera det på utan at ein må flytta stillingsressursar. Ein kan tenka seg at ein fekk opp felles studieprogram og at ein såg på samlokalisering utan å flytta på stillingar. Men i så fall må ein snakka om det. I forhold til det konkrete der så tenker eg ballen ligg hjå SV-fakultet.
Per no vil ikkje Helland kommentera moglegheita for andre løysingar.
–Her har du fagleg tilsette som ikkje ønsker å vera del av SV-fakultetet lenger, og som føler at dei rett og slett er på feil plass – fagleg sett. Er de ønskeleg å <<tvinga>> dei til å bli då?
– Det er viktig både i forhold til forsking og utdanning, og i forhold til at dei representerer ein forskingstradisjon som for vårt fakultet og våre fagmiljø er heilt sentral. Me er opptekne av IKT si rolle, både som eige felt og sett i samanheng med andre fagområde. Me ser på moglegheiter for å utvikla e-governance og anna. Me arbeider for å bygga IKT-fag gjennom studieplassar knytt til IKT og samfunn, seier Helland.
–Dei tilsette fortel at dei opplever at det per i dag ikkje er mykje samarbeid med resten av fakultetet.
– Eg trur det er mykje meir samarbeid mot det samfunnsvitskaplege fakultet enn det er mot informatikk, og det er viktig å vareta dette gode samarbeidet, seier Helland.
Rektor Dag Rune Olsen er klar på at ei mogleg flytting må vera opp til fakulteta sjølv å finna ut av.
– For det første så har eg sagt at sidan dette er ein førespurnad som er sendt i linja til instituttet og fakultet på SV, så må det handterast i linja på vanleg måte. Sidan dette er involverer ei flytting over til Mat.Nat.-fakultetet, får dei rett og slett setta seg ned å diskutera ilag. Det som dei finn ut av, det legg me til grunn. Eg reknar med at det blir sortert ut i linja, viss det ikkje skjer så får dei løfta det til vårt bord, seier Olsen.
Han understreker at det å dela opp eit institutt ikkje er gjort i ei handvending.
– Me flyttar ikkje på folk, eller delar av institutt utan vidare. Dette handlar om å gå tilbake på ein fusjon kor det vart gjort langsiktig strategisk forarbeid, og me driv ikkje med omorganisering på bakgrunn av innlegg i På Høyden. Det må vera ein skikkeleg prosess rundt det, seier Olsen.