Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Birk Tjelmeland er fersk noregsmeister i programmering. I tillegg er han, trass sin unge alder, allereie UiB-student.
– Eg tenkte det var ein god idé å ta informatikk-fag på universitetet, og så undersøkte eg om det var mogleg. Det var det, seier Birk Tjelmeland.
Han er 18 år og går i 3. klasse på Bergen Katedralskole. Til hausten skal han etter planen verta fulltids UiB-student. Men allereie no har han tatt eksamen i fleire informatikk-emne, òg på masternivå.
– Førebels følgjer eg ikkje førelesingar, men gjer obligatoriske oppgåver og tek eksamen, fortel Tjelmeland.
Førre helg var han med i Norsk Informatikkolympiade, som vart arrangert ved UiB. Konkurransen er for elevar i den vidaregåande skulen, og Tjelmeland gjekk heilt til topps. I fjor vart han nummer to i den same konkurransen. For to år sidan hamna han noko lenger nede på resultatlista.
– Oppgåvene gjekk ut på å laga algoritmar og implementera dei. Me skulle mellom anna finna ein god måte å summera store tal på, seier han.
– Det er rett og slett problemløysing.
Programmering er ikkje noko han har lært på skulen.
– Eg har lært det sjølv. Eg har tenkt å studera meir informatikk, men eg har førebels ikkje bestemt meg for kva andre fag eg vil ta, seier 18-åringen.
I september vert det uansett ein pause i studia. Då reiser Tjelmeland saman med fire andre til Japan for å vera med i ein internasjonal programmeringsfinale. I slutten av april reiser han som ein del av eit landslag på seks til Stockholm for å vera med i den baltisk-nordiske olympiaden.