Kulturminister Torhild Widvey er tydeleg på at UiO må laga ein rettleiar til Norsk Ordbok. Ho var meir ordknapp då det vart spørsmål om språksamlingane. Foto: flickr.com/Nordiske mediedager

Få svar frå ministeren

Publisert

– Kva står att for at statsråden kan avklara ei varig løysing for språksamlingane, spurde Kjersti Toppe (Sp) i Stortinget sin spørjetime.

Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo har hundre millionar kroner på bok, men legg likevel ned språksamlingane sine, skriv Klassekampen denne veka. Isfront på siste Norsk Ordbok-møte, skriv Uniforum.

Bakgrunnen for begge sakene er at UiO som kjent legg ned drift av språksamlingane sine frå nyttår.

Onsdag var saka oppe til debatt i Stortinget sin spørjetime. Kjersti Toppe frå Senterpartiet begynte med å spørja om dei 400.000 kronene UiO har fått frå Kulturdepartementet for å laga ei brukarrettleiing til Norsk Ordbok. Universitetet meiner at dei ikkje har naudsynt bemanning til å laga ei slik rettleiing.

– Dette er ikkje tilstrekkeleg, og det har eg gitt beskjed om, seinast denne veka. UiO må syta føre ei løysing før året er omme, sa kulturminister Torhild Widvey i Stortinget.

Lagar forslag sjølv
Statssekretær Bjørgulv Borgundvaag har tidlegare sagt at pengane UiO på 1970-talet fekk for å gi ein heim til språksamlingane må følgja med dersom nokon andre skal ta over. Men kor mykje pengar det er snakk om, har ikkje kome fram. Nynorsk kultursentrum, saman med mellom andre UiB, har sagt seg villige til å ta over ansvaret. UiB-rektor Dag Rune Olsen har òg sagt at språksamlingane kan vera noko UiB kan ta hand om – så lenge det følgjer midlar med.

– Debatten har ikkje stilna slik Uniforum skreiv i oktober. Men me har ikkje høyrt noko frå styresmaktene, seier Johan Myking.

Han er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estestiske studium og den som kjem til å få arkivet under sine vengjer dersom det vert flytta.

– Dersom det hadde vore opp til meg reint fagleg, hadde eg sendt ein trailer til Oslo og henta materialet, seier Myking.

– Men slike fullmakter har eg nok dessverre ikkje førebels.

Det er Nynorsk kultursentrum, med direktør Ottar Grepstad i spissen, som har sett i gang ein redningsaksjon. I ordbokgruppa sit representantar frå både UiB og Høgskulen i Volda, og frå andre norske universitet. Dei har presentert ein plan med UiB som det faglege tyngdepunktet. Kostnaden er ikkje avklart, men det er snakka om mellom 16 og 19 millionar i året. Myking seier at ei eventuell drift må tilpassast dei ressursane ein faktisk får.

– Kva samlingar skal vera i Bergen, og kva i Volda?

– Me har ikkje gjort nokon praktiske avklaringar endå. Men no har me bestemt oss for at me ikkje vil venta lenger, me skal setja oss ned saman og laga eit forslag til korleis saka kan løysast, fagleg og organisatorisk, seier Myking.

– Dette er ei viktig sak for landet, og ei god sak for institusjonane på Vestlandet, om det lukkast, legg han til.

Reknar med at UiO vil ordna opp
Kjersti Toppe tok opp situasjonen for språksamlingane i eit oppfølgingsspørsmål til kulturministeren. Ho sa at både familie- og kulturkomiteen og kyrkje,- utdanning- og forskingskomiteen har vorte gjort kjent med at UiO har avvikla arbeidet sitt med samlingane og at Nynorsk kultursentrum har utarbeidd eit forslag til varig løysing.

– Kva står att for at statsråden kan avklara ei varig løysing, spurde Toppe.

– Språksamlingane er eit litt anna tema enn utgangspunktet. Eg har god kontakt med kunnskapsministeren, UiO ligg under han. Eg reknar med at dei vil finna ei løysing, sa Widvey.

– Om det er slik at departementet no peikar på UiO, så er det ein annan veg enn det me her vest har fått staka ut tidlegare. Då må me tenkja oss om og kanskje venda oss direkte til UiO, kommenterer Myking.

Han seier at UiB ikkje har hatt noko direkte kontakt med UiO i saka på ei god stund.

UiO har sagt at sjølv om drifta av språksamlingane skal leggast ned frå nyttår, skal det ikkje gå ut over drift av nynorskordboka, bokmålsordboka og ordbanken.

– Det vert verre å ta opp att det vitskapelege arbeidet med samlingane for kvar dag som går utan at dei er drifta, seier Myking.

Powered by Labrador CMS