Institutt-tilsette kom dårlegast ut

Publisert

Ved HF var det langt fleire administrativt tilsette på fakultetsnivå enn på instituttnivå som fekk lønsauke under dei sentrale forhandlingane i haust.

I HF-sekretariatet fekk 57 prosent av dei administrativt tilsette opprykk under dei lokale lønsforhandlingane i haust. For dei administrativt tilsette ved dei ulike institutta er talet 28,6 prosent. Dette viser tal På Høyden har fått tilgang til.

– Urettvist
Administrativt tilsette På Høyden har snakka med hevdar at dette har vore ein tendens tidlegare og, men at det er urettvist, og at det har vore ekstra tydeleg i år.

Kjell Erik Lommerud, som forhandla på vegne av Forskerforbundet, stadfestar tala.

– Det stemmer at på HF har flest tilsette ved fakultetet fått opprykk. Men det stemmer ikkje for våre medlemmer, seier Lommerud.

Lommerud seier at den sentrale potten vert delt i ni.

– Fakultetet totalt sett har fått det dei skal ha, men inni pottane kan pengane flyta litt rundt. Det vert ikkje rekna ut ei fordeling for kvart enkelt institutt, samstundes som ein passar på at ein ikkje får ei heilt urimeleg fordeling, seier han.

Sidan det i år har vorte klaga, har ein laga ein statistikk.

– For NTL viser den ei opphoping på sentralt nivå, seier Lommerud.

– Nærleik til leiinga
– Det er eit vanleg klagemål at nærleik til leiinga løner seg, seier Jørgen Melve, som er leiar for NTL.

Han seier at dei som forhandlar er opptekne av at det ikkje skal oppstå for store ulikskapar mellom fakultet og institutt.

– Men det er to partar som forhandlar, seier han.

– Er det fleire enn HF-tilsette som har reagert på fordelinga?

– Det er HF som har nemnt det, men det er nok ei oppfatting fleire sit med, sjølv om det kanskje er variabelt korleis dette faktisk er, trur Melve.

– Arbeidsgivar sine prioriteringar vil jo legga tunge føringar uavhengig av kva krav som kjem, legg han til.

17.7 prosent til administrasjonen
– Det er rett at det er fleire på fakultetet som fekk opprykk i år, men ein kan ikkje berre sjå på eitt oppgjer. Statistikken seier heller ikkje noko om urimelege skilnader som bør rettast,  seier fakultetsdirektør Trine Moe.

Moe seier at det er ein stor seksjon på fakultetet der dei tilsette kom dårleg ut etter omorganiseringa i 2007.

– Dei har lagt lønsmessig lågare enn dei tilsette på institutta med same type stilling og med ansvar på same nivå. I tillegg vart administrative leiarar på begge nivå prioritert, seier Moe.

Av dei 2,6 millionane HF fekk til fordeling, var det berre 17,7 prosent som gjekk til dei adminsitrativt tilsette.

– Dette er med på å gjera det vanskeleg. Eg ville gjerne prioritert fleire, det er veldig mange i administrasjonen som gjer ein fantastisk jobb. Men ramma er avgrensa, og det er forhandling mellom partane, seier Moe.

Institutt-tilsette har fått undervegs
Moe understrekar at det ikkje er slik at ho har prioritert sine næraste medarbeidarar.

– Det er mellom anna slik at fleire på institutta har vorte heva etter punkt i hovudavtalen. Det vil seia vurdering av løn etter eitt år i teneste, seier Moe.

Ho seier at det ikkje er store lønsskilnader mellom administrativt tilsette på fakultet og institutt i same type stilling.

– Men det er likevel slik at det er enkelte grupper og òg enkeltpersonar som ein må sjå spesielt på i neste oppgjer.

 

Framsidefoto: Magnus Vabø

Powered by Labrador CMS