Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein tredjedel av internasjonale studentar har aldri eller sjeldan kontakt med norske studentar, viser ei undersøking. – Det er vanskeleg å få kontakt med norske når ein bur på Fantoft, meiner tyske Antonia Deistler.
Saman med høge levekostnader, er det å bli kjent med nordmenn den største utfordringa internasjonale studentar har i Noreg.
Det viser ei spørjeundersøking frå senter for internasjonal utdanning (SIU), kor over 2 600 studentar har delteke.
UiB-studentane Antonia Deistler (22) frå Tyskland og Denise Chardet (23) frå Nederland kjenner seg godt igjen i dette.
– Det er ikkje som om me aldri snakkar med norske, dei er veldig hyggelege. Men det er vanskeleg å komma skikkeleg inn på dei på så kort tid. Det blir fort overflatisk, seier Antonia.
Saman med Denise bur ho i studentbustad på Fantoft, kjent for å ha høg del internasjonale studentar.
– Det blir vanskelegare å få kontakt med norske når ein bur der. Det er mest internasjonale studentar der, og det er dei eg blir venner med. Viss eg hadde hatt råd til å bu ein anna stad, i sentrum til dømes, så ville nok det ha gjort det lettare å bli kjent med andre, seier Antonia.
Ho studerer geografi - og tar eit semester i Noreg som del av bachelorgraden sin.
Fornøgde studentar
Undersøkinga viser at høg kvalitet på studia er den viktigaste årsaka til at studentar vel Noreg, men urørt natur og eit trygt og fredeleg samfunn kjem også høgt på lista.
Jamt over er dei meir fornøgde med utdanninga og studiemiljøet enn norske studentar, og dei er også godt fornøgde med det sosiale. Men kontakten med norske studentar er for mange veldig liten.
Betre informasjon på engelsk om ulike studentaktivitetar kan nok bidra til meir sosial kontakt, trur seniorrådgjevar i SIU, Hege Toje, som har jobba med rapporten.
– Buddy-ordningar er også noko som går igjen i dei internasjonale studentane sine eigne forslag. Ikkje minst trur me at førelesarar kan bli flinkare til å bevisstgjera norske studentar på at internasjonale studentar er læringsressursar for dei. Me trur også at det er eit langt større potensiale for å kopla internasjonale og norske studentar saman som ein del av undervisninga, seier Toje.
– Treng internasjonale impulsar
Undersøkinga såg ikkje spesifikt på busituasjonen til de internasjonale studentene, men Toje seier kor studentane bur klart kan spela inn.
– Generelt sett ønsker me at internasjonale og norske studentar skal møtast og omgås også i bumiljøet, og at institusjonene tar dette med i betraktninga så langt det praktisk lar seg gjera. Men her er det institusjonene som best veit kor skoen eventuelt trykkjer.
Sidan dei fleste norske studentar ikkje reiser ut sjølv, kan ein bruka internasjonale studentar til å få impulsar utanfrå, meiner Toje.
– Norske studentar som ikkje reiser ut sjølv, treng også internasjonale erfaringar. Gjennom kontakt med internasjonale studentar kan dei trena seg i språk, få nye kulturelle impulsar og innsikt i andre måtar å sjå samfunnet vårt på. Betre kontakt vil vera positivt for begge grupper, og det vil auka kvaliteten ved læringsmiljøa på norske universitet og høgskular.
Vil ikkje reisa tilbake
Hovudårsaka til at Antonia og Denise kom akkurat til Noreg, var ikkje kvaliteten på utdanninga, men plassen.
– Det er så fint her oppe, og mykje å finna på – det er mange utandørsaktivitetar ein kan halda på med. Eg har alltid hatt lyst til å besøka Noreg, så eg tenkte at eg kunne like godt studera her. Og så kan ein studera på engelsk, det er sjølvsagt viktig, seier Denise.
– Eg har ikkje lyst til å reisa, fordi eg likar meg så godt. Eg vurderer å koma tilbake etter jul, smiler Antonia.