Under ein kaffipause utanfor Senter for kvinne- og kjønnsforskning kravde politiet at den svenske kjønnsforskaren Victoria Kawesa skulle legitimere seg. Foto: Feministisk initiativ

Kravde ID av svensk kjønnsforskar

Publisert

Politiet kravde legitimasjon av den svenske stipendiaten Victoria Kawesa under ein kaffipause utanfor Senter for kvinne- og kjønnsforsking i Allégaten. 

Ein sivil politibil stoppa ved kvinna, og ei kvinne frå utlendingspolitiet bad om å få sjå legitimasjonen hennar, skriv bt.no

Victoria Kawesa, som har vakse opp i Sverige, kunne ikkje vise ID, og forklarte politiet at passet låg på hotellet. 

– Det var som om ho ikkje høyrde kva eg sa. Igjen og igjen insisterte ho på å få sjå ID-kortet mitt. I løpet av mine 33 år i Sverige har eg aldri opplevd liknande, og det var veldig skremmande. «Spør du meg fordi eg er svart», spurde eg. Ho svarte nei, og eg sa «jo, det er derfor, eg viser ikkje ID-kortet mitt til rasistisk politi», seier Kawesa til BT

Ho fekk òg støtte frå Tone Lund-Olsen, som er administrasjonssjef ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking. Lund-Olsen kunne stadfeste at Kawesa var ein svensk akademikar som deltok på eit seminar hos dei. Kawesa sprang inn på senteret, mens Lund-Olsen heldt fram diskusjonen med politiet. 

– Dei vart veldig provoserte då eg sa det neppe var tilfeldig at dei bad Kawesa om legitimasjon. At dei spurde henne fordi ho er svart, er openbert, seier Lund-Olsen til BT

Utlendingsloven gir politiet heimel til å undersøke identiteten til utanlandske statsborgarar når <<tid, sted og situasjon gir grunn til slik kontroll.>> Nygårdshøyden har tidlegare vore tilhaldsstad for både utanlandske narkoselgarar og prostituerte. Men då Kawesa tok kaffipausen sin midt på dagen, var det altså eit vitskapleg seminar som gjekk føre seg. 

– Universitetet i Bergen jobbar aktivt for internasjonalisering. Vi har studentar og tilsette frå heile verda. Det kan ikkje vere slik at dei risikerer å bli kontrollerte når dei går på gata eller tek pause, seier Lund-Olsen til BT.

Kawesa skriv avhandling om svart feminisme, og bruker mellom anna eigne erfaringar. No kan bergenspolitiet bli ein del av forskinga hennar. 

Ane Kvaal, som leiar Utlendings- og forvaltningseininga i Vest politidistrikt, beklagar opplevinga Kawesa hadde, og gir uttrykk for at ho har forståing for at slike kontrollar kan opplevast som ei påkjenning. Ho skriv dette i ein epost til BT

«Politiet har ansvaret for å håndheve bestemmelsene om utlendingers opphold i landet, og i den forbindelse kan vi stanse personer og kreve legitimasjon når det er grunn til å tro at personen er utenlandsk statsborger, og tid, sted og situasjon gir grunn til å gjennomføre en slik kontroll. Kontrollene skjer etter en skjønnsmessig og konkret vurdering og kan for eksempel være knyttet til erfaringer, mistankeprofiler eller tidligere saker. Hudfarge, etnisk eller religiøs tilhørighet skal ikke alene være avgjørende for politiets vurdering om utlendingskontroll. Politiet trenger ikke gi en begrunnelse for hvorfor man ber om personalia, men vi søker likevel hver gang å forklare hvorfor vi kontrollerer og hva som ligger bak. Politiet som utfører oppdrag, som for eksempel utlendingskontroller, skal opptre høflig og profesjonelt. Kontrollen skal avbrytes hvis det blir klart at videre kontroll ikke er nødvendig. Noe som også ble gjort i dette tilfellet.»

Powered by Labrador CMS