Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet fekk diplomatbesøk torsdag, då ambassadøren frå Serbia og Montenegro møtte rektor og universitetsdirektør i samband med ei to dagars offisiell vitjing i Bergen.
Bergensbesøket onsdag og torsdag var organisert av Bergen kommune, og torsdag føremiddag var sett av til ei orientering om UiB, inkludert eit møte med rektor og universitetsdirektør på Muséplass. Ambassadør Vida Ognjenovic var svært interessert å vite meir om UiB, og vona å kunne bruke informasjonen til å initiere samarbeid med universitet i heimlandet. Rektor Kirsti Koch Christensen opplyste at UiB pr. i dag ikkje har noko formalisert samarbeid med universitet i Serbia og Montenegro. Universitetet i Beograd har ei avdeling for skandinaviske studie, og ambassadøren kunne fortelje at interessa for å lære norsk er sterkt aukande, og at ein til dels er blitt nøydde til å avgrense tilgangen. Ho meinte noko av dette skuldast at det er lagt mykje innsats i kultur- og utdanningssamarbeid mellom Noreg og Serbia og Montenegro dei siste åra, mellom anna frå ambassaden si side.
Signert Bologna-avtalen
– Men vi er stolte av å kalle oss eit internasjonalt universitet, vi har flest utanlandske studentar av alle dei norske universiteta, og vi treng mange og gode samarbeidsavtalar så vi kan sende våre eigne studentar ut i verda, sa ho.
Ognjenovic var interessert både i organiseringa ved UiB, og i den faglege profilen. Ho ville mellom anna vite korleis UiB arbeider med Bologna-avtalen, ein avtale som skal sikre betre samordning av høgare utdanning i Europa.
– Våre universitet er absolutt tilbake i sporet etter den urolege perioden på Balkan. Vi har signert Bologna-avtalen, og er midt i prosessen med å implementere han. Vi kan ikkje seie vi er best i klassen på området, men våre universitet er ivrige etter å få til samarbeid med andre universitet, og eg er her mellom anna for å initiere slikt samarbeid, sa ho.
Populært å studere norsk
Universitetsdirektør Rommetveit såg ikkje for seg at ein vil starte opp serbokroatisk som språkfag ved UiB utan vidare, men var positiv til eit generelt framlegg frå ambassadøren om å vere vertskap for seminar med tematikk frå området. Slike seminar kan vere av interesse både for fag som samanliknande politikk, for kulturstudia og for språkfaga, meinte Rommetveit.
– Og vi skaffar gjerne forelesarar! forsikra Ognjenovic.
Sjølv er ambassadøren utdanna i litteraturvitskap og teaterinstruksjon frå Universitetet i Beograd, og har bak seg ei karriere som både er akademisk og kunstnarisk. Ho har regissert mange teaterframsyningar, både av eigne og andre sine stykke, og har hatt fleire opphald i USA som gjesteprofessor. Då ho vart ambassadør i Noreg i 2001, kom ho frå ei stilling som professor i teatervitskap ved Novi Sad-universitetet i heimlandet.
I løpet av bergensbesøket fekk delegasjonen også møte representantar for Festspillene og Grieghallen, for Bergen Kunstmuseum og Bergen Næringsråd, og dessutan ordførar Herman Friele.