Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei tilsette ved it-avdelinga har bytta ut utvaska t-skjorter og grå skjørt med paraplydrinkar, tulipanar, 70-tallskjolar og oransje slips. – Vi kallar det «dress to success», seier administrasjonssjef Kjersti Bjørke.
– Det begynte med at vi las ei sak i BT om ei kvinne som hadde kjoleveke. Ho ville live litt opp, og markere at våren snart kjem. Vi syntes det var ein god idé, seier senioringeniør Anne Lise Bergheim.
Fem dagar med klesfest
Dei starta måndag. Då kom IT-direktøren i oransje bukse. Vidare har det berre eskalert, med hockeyparykkar, t-skjorter med smokingtrykk og elleville kjolar.
– Her på it-avdelinga er vi om lag 20 kvinner og 75 menn, så vi kunne ikkje akkurat innføre kjoleveke her. I staden valte vi temaet «Dress to success». Vi er vel kanskje ikkje kjent for å kle oss så veldig opp til daglig, seier Kjersti Bjørke.
For mennene har det vore fritt fram å kle seg opp i dress. Utan krav om at skjorte og slips må matche.
– Det har vore ei veke med mykje latter i gongane, seier Anne Lise Bergheim.
Pynta lokala
Lokala i Nygårdsgaten 5 har blitt utsmykka med tulipanar, girlandrar, serviettar med bart og fleirfarga paraplyar.
– Korleis har folk reagert når dei har kome til it-avdelinga for å få litt datahjelp, og blitt møtt av folk med lausnaser og parykk?
– Vi har staute brukarar, så dei tåler det. Det har vore kjekt å vise fram at det finst både humor og stil hos oss også, seier Kjersti Bjørke.