Karl Torbjørn Kleveland har sett telefonar komme og gå i fleire tiår, og utanfor kontoret på IT-avdelinga har han samla dei ulike modellane. Sjølv har han endeleg funne ein modell han er nøgd med. Det er ikkje Iphone, men ein Sony Xperia Z.

Telenor tek over på universiteta

Publisert

Universitets- og høgskulesektoren får i løpet av vinteren Telenor som teleleverandør. Avtalen har ein verdi på 40 til 60 millionar kroner.

Det statleg eigde selskapet Uninett AS har stått for anbodet, som gjeld alle statlege universitet og høgskular i landet. Avtalen omfattar både fasttelefoni og mobiltelefoni. Tilsaman 83 000 fasttelefonar og 13 000 mobiltelefonar kan knyte seg til avtalen. Dei siste åra har Netcom, Atea (tidlegare Umoe ITC) og det danske selskapet TDC vore leverandørar til sektoren. Men det vil og bli teikna avtale med sekundærleverandørar, som kan levere nokre tenester.

Fastprispakkar
Børge Aune i Uninett har leia arbeidet, men han har ikkje noko svar på kor mykje sektoren eventuelt vil spare på den nye ordninga.

– I den nye avtalen er det ein annan prisstruktur enn i dei gamle. Telekom-bransjen har og endra ein del på samansettinga av tenestene sine. No går det mot meir fastprispakkar, og det er først i ettertid at ein vil sjå kva for ein kostnad ein har hatt på det, seier Aune.

I tillegg er det slik at trafikken, og då særleg databruken, stadig aukar, slik at eventuelle innsparingar kan bli spist opp av auka bruk.

For mykje fasttelefoni
Netcom, som har levert mobiltenester til sektoren dei siste åra, leverte ikkje noko anbod i konkurransen.

– Det blei rett og slett for stort for oss å delta i konkurransen. Det er potensielt rundt 100 oppdragsgivarar fordelt på ulike stader, og det var særleg fasttelefonidelen som gjorde at vi valde å ikkje levere anbod. Vi følte at vi ikkje ville ha vore i stand til å levere ei fullgod teneste, seier Andre Jensen i Netcom.

Anbodet er ifølgje Jensen blant dei ti største kontraktene i landet på dette feltet.

Ringjer for 5 millionar
– Vi ser på det som ein svært god avtale økonomisk. Han er fleksibel, slik at han dekker dei brukarbehova UiB har. Det går mot meir bruk av smarttelefonar og databruk, og avtalen tillèt ei fleksibel opptrapping, seier seniorrådgivar Per O. Bruvold ved innkjøpsavdelinga til UiB.

Ved UiB kostar teletrafikken kring 5 millionar kroner i året, og av dei er 1 million kroner mobiltrafikk.

Må byggje ut
Eit av argumenta for å bruke Telenor er at selskapet har god mobildekning dei fleste stader i landet. Men i Bergen finst det eit svart hol i dekningskartet til Telenor: Realfagsbygget.

– Som følgje av denne avtalen vil Telenor gjere utbetringar her hos oss, og vi ventar oss at det snart vil bli betre dekning, forklarer Bruvold.

Netcom sette opp basestasjonar i kvar etasje på Realfagsbygget då dei fekk kontrakten, og det same vil truleg Telenor gjere. Difor er porteringa, eller flyttinga, av mobilabonnementa til tilsette på Realfagsbygget utsett til perioden februar-mars.

Må passe på
For UiB, Uni Research og Bergen Teknologioverføring er det til saman snakk om kring 850 mobilabonnement som må skifte sim-kort.

– Særleg folk med hytter på Vestlandet vil bli nøgde over å skifte til Telenor, trur mobilansvarleg Karl Torbjørn Kleveland på IT-avdelinga ved UiB.

Somme forskarar som oppheld seg mykje i grisgrendte strok har brukt Telenor heile tida.

Men dei som skal skifte leverandør må særleg passe på to ting: Om dei er i utlandet når porteringa skal skje, må dei utsetje ho. På utanlandsk nett vil telefonen slutte å virke, og ikkje komme i gang igjen før ein kjem heim, og får kontakt med nettet til Telenor.

Det andre punktet å passe på er at alle kontaktar må liggje lagra i telefonminnet, ikkje på sim-kortet. All informasjon på sim-kortet vil bli sletta når porteringa skjer. Du kan lese meir om porteringa her.

– Det er veldig viktig at folk klarer å administrere kontaktane sine sjølv, og at dei blir lagra i til dømes Outlook. Om ikkje vil kontaktane bli borte dersom du mistar telefonen din, eller noko anna skjer, seier Kleveland.

Dyr Iphone
UiBs mobilansvarlege synest at nokre tilsette skiftar telefon for ofte, og han anbefaler ikkje modellen som er særleg populær i haust: Nye Iphone 6.

IT-avdelinga anbefaler ikkje Iphone 6 på grunn av prisen. Den kostar UiB 9500 kroner inkludert moms, fortel Kleveland.

I tillegg har Iphone innebygd batteri som det ikkje går an å skifte utan å skru heile telefonen frå kvarandre.

– No har eg jobba med mobiltelefonar i 18 år, og batterilevetid og antenneløysingar har berre blitt dårlegare. Ein telefon skal halde i minst 2,5 til tre år, meiner Kleveland. 

Powered by Labrador CMS