IT-forum om omstilling

Publisert

IT-Forum ved UiB vart skipa til for fjerde år på rad denne veka. Hovedtemaet var omstilling.

IT-Forum ved UiB frå 31. mars og 1. april vart denne gonga skipa ved Solstrand hotell på Os. Over 100 personar var påmelde og dei fleste deltok båe dagane. I tillegg til IT-folk ved alle fakulteta, UB, BM og IT-avdelinga var den sentrale universitetsleiinga representert ved prorektor Rune Nilsen, ass. universitetsdirektør Sverre Spildo og formidlingsdirektør Torgny Aarbakke, som alle hadde innlegg. Det møtte også gjester frå NTNU, NHH og HiB.

Hovedtemaet i år var omstilling. Styret vil i neste møte bli førelagt eit framlegg til sentralisering av IT-oppgåver som kan løysast ved stordrift, medan vanleg brukarstøtte og spesialisert fagstøtte framleis vil bli ivaretatt i av lokale IT-grupper. Professor Robert Kvavik som har ei lang fagleg og administrativ karriere attom seg ved University of Minnesota, var æressgjest. Han fortalde om korleis dette Universitetet hadde løyst IT-oppgåvene på ein måte som ga sterkt standardiserte IT-tenester av høg kvalitet og god IT-tryggleik.

Program og deltakarliste finn ein dersom ein følgjer linken under biletet. På denne vevsida blir det også lagt ut presentasjonar frå innleiarane.

Powered by Labrador CMS