Jakta på den forsvunne kapitalen

Pengar kan lurast unna, vaskast kvite eller puttast i ein bankboks i Sveits. Korleis kan ein få dei rike og mektige til å betale skatten sin? Tina Søreide vil inspirere fleire studentar til å forske på den grå økonomien.

Kapitalflukt. Kvitvasking. Skatteunndraging, skatteunnlating eller skatteplanlegging. Dette er alle meir eller mindre lovlege variantar av det same prinsippet: Å ville ha pengane sine sjølv framfor å betale inn til fellesskapet. 

Mange studentar kan lett få eit vrangt bilete av at alt i verda er forska på.  At alle problem er løyst. Slik er det ikkje, fortel Tina Søreide. Ho er samfunnsøkonom og post doc ved Det juridiske fakultet. Fredag arrangerte Bergen resurssenter for internasjonal utvikling eit seminar med tittelen «SKJULT - skatteparadis, kapitalflukt og hemmelighold».

– Målet er er å motivere studentar til å arbeide vidare med tematikken. Her finnast det mange interessante problemstillingar både for bachelor- og masteroppgaver, seier Tina Søreide til På Høyden.

Interdisiplinært tema
Politisk økonomi, samanliknande politikk, revisjon, finans, it, administrasjons- og organisasjonsvitskap, jus. Den internasjonale, grå økonomien er aktuell for alle desse faggruppene, fortel Tina Søreide. 

– Det er for lite forskingsbasert kunnskap om dette, og for få som kan undervise i public finance. Men ein ting er klart: Studentane vil ikkje vere aleine. Dei vil kunne gå inn i eit nettverk av forskarar der dei kan samarbeide med personar frå ei rekke ulike disiplinar og institusjonar.

Skatteparadis og skurkeparadis
Det er ikkje berre i kriminallitteraturen at pengar vert gøymt unna i ein anonym bankboks i Sveits. Sveits er framleis eit himmelrike for alle som vil ha formuen sin i fred, ifølge Taxjustice. Som nummer to vert det britiske territoriet Caymanøyene i Det karibiske hav rangert. Som i andre skatteparadis, er det her lov å eige eit firma som held til i ei postkasse.

På tredjeplass kjem Luxembourg, eit skatteparadis med lange tradisjonar. I Luxembourg vart det endå lettare å gøyme pengar i 1981. Då vedtok landet lover som gjorde bankvesenet endå mindre transparent og opent enn tidlegare. I overkant av 13 prosent av den globale marknaden for offshore finanstjenester er i nettopp Luxembourg, viser tal frå Taxjustice.

Upløyd mark
– Det er eit stort potensiale for dei som vil gå inn og sjå ting i samanheng, seier Odd Helge Fjeldstad, forskar ved CMI

– Vi må ha gode nok forskarar som forstår problemstillingane og som ikkje let politikarar og mektige institusjonar sleppe unna. Det er mykje å tene på å halde pengar skjult. Kapitalflukt, hemmeleghald og skatteplanlegging er også eit demokratisk problem. I staden for at pengar vert nytta til det beste for samfunnet vert dei gøymt unna.

Dei som tener verkeleg store pengar gjer ikkje ting som å pusse opp badet svart eller trikse litt med sjølvmeldinga. Då held ein seg innanfor lovverket. Det enkle er å ta ein Fredriksen, og melde flytting til eit anna land. Eller ein kan gjere som Starbucks, som årleg sel kaffi for 400 millionar pund i Storbritannia.  Men dei har vorte skulda for å ha betalt alt for lite skatt til den britiske statskassa.

Skatteplanleggarar tener godt
Søreide fortel at Spania har hatt ein nedgang i skattevolumet sjølv i år med økonomisk vekst. Ulike land har ulike reglar. Dette gjer det mogleg å planlegge skattebetalinga si, samt å drive intern prising av varer og tenester slik at ein sit igjen med mest mogleg sjølv. Ein kan også ha eit konglomerat av verksemder der nokre er legale, medan andre enten er i gråsona eller held til i underverda.  

– Sjølv om vi har eit godt skattesystem i Norge, er økonomien internasjonal. Noko av denne aktiviteten er lovleg, og det er det mange som tener på. Dermed vert det politiske utfordringar knytt til feltet, seier Tina Søreide.

– Dette er høgaktuelle tema som fordrar at ein forstår kompleksitet. Det hadde vore fint dersom Norge kunne blitt sterkt på dette forskingsfeltet.

 

Jakta på den forsvunne kapitalen

Vite meir:
Tax justice Network og Changemaker har spesialprodusert eit hefte som skal inspirere bachelor- og masterstudenter til å forske på kapitalflukt og skatteplanlegging. Heftet er også nyttig for andre som ønsker å forstå hvordan skatt - og spesielt manglende betaling av skatt - påverkar verdiskaping og global fordeling. Heftet finn du her.

Powered by Labrador CMS