Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nansensenteret har ikkje lukkast i å finne ein ny administrerande direktør, nær to månader etter at Peter M. Haugan gjekk på dagen.
– Vi har ikkje funne ein ny adminstrerande direktør enno. Å finne ein direktør kan ta lang tid. Gjerne fra eit halvt år til eit år, seier Einar Svendsen, leiar av styret ved Nansensenteret til På Høyden. Direktørstillinga har ikkje vore utlyst. Dei nyttar heller ikkje hovudjegarar, men Svendsen opplyser til På Høyden at dei leitar med lys og lykter etter aktuelle kandidatar. Ifølge Svendsen ser styret etter ny direktør både i Norge og i utlandet.
– Vi vil ha ein dyktig fagperson, men også ein som kan leie og administrere. Det finnast mange som er sterke fagleg, men vi treng ein som ikkje vegrar seg for ein så ansvarsfull leiarjobb. Det er ein krevjande jobb.
Haugan forlet leiarstolen
I august trekte Peter M. Haugan seg frå stillinga, etter ein konflikt med Ola M. Johannesen. Johannessen er grunnleggar av Nansensenteret og har i over 25 år vore drivkraft og leiar for senteret.
Då Haugan gjekk etter eit drøyt halvår ved roret, konstituerte styret Stein Sandven som direktør. Sandven var også administrerende direktør for Nansensenteret i perioden 2010 - 2011.
– Vi ynskjer oss ein person som kan løfte Nansensenteret inn i framtida. I denne overgangsperioden blir senteret trygt leia av Stein Sandven, støtta av ei solid leiargruppe, seier Einar Svendsen.
Klimaforskarane ved Nansensenteret på Marineholmen treng ny administrerande direktør. (Foto: Ida Bergstrøm)