Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ja takk til norsk fagterminologi, var konklusjonen under Språkrådet sin konferanse. Spørsmålet er berre korleis ein skal få det til, og kven som har ansvaret.
– Me kan ikkje snakka algebra.
Førsteamanuensis Kjartan Olafsson frå Institutt for fysikk og teknologi (IFT) var tydeleg då han hadde innlegg under Språkrådet sin konferanse «Fra idé til handling i språkpolitikken» tysdag.
– Fysikk er eit internasjonalt fag, og eg har kollegar som meiner at det er borti natta å oppretthalda norsk fagspråk. Undervisninga burde skje på engelsk, meiner dei, sa Olafsson.
– Må bruka språket
Olafsson er ikkje samd. I 2007 var han med i komiteen som arbeidde fram «Både i pose og sekk. Framlegg til språkpolitikk for Universitetet i Bergen». I rapporten heiter det mellom anna at UiB bør jobba for ein parallellspråkleg praksis, og at hovudregelen er at grunnopplæringa skjer på norsk.
– Noko av utfordringa vår er at me utdannar lærarar, både til ungdomsskulen og til den vidaregåande skulen. Dei kan ikkje bruka eit engelsk fagspråk. Forskinga vår skal òg ut til publikum. Det betyr at den norske terminologien bør utviklast vidare, og ein må verta van med å bruka norsk fagterminologi, både i undervisninga, men òg i kantina og andre stader der vitskapeleg tilsette treff kvarandre, sa Olafsson.
Han fortalte at det finst eit norsk læreverk i fysikk som vert nytta ved UiB. Dette burde no vore revidert – men vert det truleg ikkje. Instituttet har gjort noko anna for å hjelpa studentane: På nettet finst det ei ordbok som set om engelske omgrep til norsk.
– Det er ikkje slik at ein kan setja om ord for ord frå engelsk. Ein må skjøna kva dette faktisk er, sa Olafsson.
Sam.pol best i klassen
Ved IFT skjer undervisninga fram til 5. semester på eit skandinavisk språk.
Men kven er det eigentleg som avgjer undervisningsspråk og pensumspråk?
– Institusjonane har ein språkpolitikk, og der heiter det at ein skal bidra til å utvikla norsk språk og fagterminologi. Men praksis er annleis. Dei ulke institutta har knapt strategi for språk, og kva språk ein vil publisera på, er opp til den enkelte.
Det sa Helge Hveem, professor emeritus i statsvitskap ved UiO.
– Dette betyr at den enkelte tilsette sine haldningar avgjer både val av pensumspråk og publikasjonsspråk.
Hveem viste til ei undersøking han har gjennomført i statsvitskapmiljøa i Noreg. Institutt for samanliknande politikk ved UiB er best i klassen når det gjeld publisering på norsk, men Institutt for administrasjons og organisasjonsvitskap som nummer to.
– Det er ikkje noko som styrer oss institusjonelt, det er opp til den enkelte forskaren. Mange stilar etter nivå to-publikasjonar, og då er det berre engelskspråkelge som gjeld, seier førsteamanuensis i samanliknande politikk, Jan Oskar Engene, til På Høyden.
Marketing eller marknadsføring?
Uansett korleis ein snur og vender på det, er det ein del engelske ord som har kome inn i daglegtale. Hveem peika på New Public Management som eit omgrep det truleg er vanskeleg å finna ei norsk omsetjing av. Men kva med marketing? Kan det ikkje like gjerne heita marknadsføring?
Det er noko Fagbokforlaget diskuterer no, fortalte redaktør Knut Ebeltoft. Han meiner at forlaga har eit stort ansvar for det norske fagspråket.
– Det er me som gir studentane eit språk.
Noko av det som vert diskutert, sa Ebeltoft, er om ein skal bruka engelske omgrep i teksten og ha dei norske i parentes, eller skal ein ha dei engelske i parentes.
– Nokre forfattarar vil ha med engelske omgrep. Det er òg mogleg å skjøna dei; dei skriv òg på engelsk, dei har gjerne sabbatsår i USA – og så rotar dei litt når dei skal skriva norsk.
Redaktøren meiner det er tre ledd som har ansvar for, og må vera opptekne av, norsk fagspråk: Dei fagansvarlege, lærebokforfattarane og forlagsredaktørane.
Studentane vil ha norsk
– Høgare utdanning er ein overgang uansett. Men plutseleg skjer undervisninga på engelsk – og på masternivå har engelsk tatt over. Dersom eg hadde fått velja ville eg hatt pensum på norsk.
Det sa Alexander Løtvedt frå Norsk Studentorganisasjon (NSO). Organisasjonen er tilhengjar av norsk fagspråk.
Han vert støtta av Johan Myking, som var ordstyrar under debatten og til dagleg er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
– Eg er glad for at NSO var så tydelege. Engelsk pensum, gjerne kombinert med undervisning på engelsk, er eit kjempeproblem i mange fag, særleg for studentar på bachelornivået, seier Myking.
Han meiner at det å ta ansvar for norsk fagspråk er eit leiaransvar, som går frå rektor til instituttleiar ved kvar enkelt institusjon.
– Alle universiteta har vedteke språkpolitiske strategiar, men, som til dømes professor Anders Johansen har vist, er retorikken i slike dokument ofte uforpliktande. Slik kan det ikkje halda fram. Me må få til ei kraftigare mobilisering for bruk og utvikling av norsk som fagspråk og undervisningsspråk, og me må òg få ei klårare forståing av at språk er eit viktig arbeidsmiljøspørsmål, seier Myking.
Myking leiar eit institutt som på den eine sida er svært morsmålsbasert, men på den andre sida òg svært internasjonalt.
– Me har ein kultur der me oppmodar til å læra norsk og seier at norsk er viktig. Så ser me at nokre utanlandske tilsette, som gjerne er hos oss ein kortare periode, kan få litt problem, og me prøver så godt me kan å ta omsyn til dei. Då snakkar me sjølvsagt engelsk til dei. Men mykje språklæring skjer i uformelle fora, og eg trur kanskje mange miljø er for raske med å gå over til engelsk, til dømes i møte og uformelle diskusjonar. Det er å gjera utanlandske tilsette ei bjørneteneste, dei misser ein viktig stimulans til å læra norsk.
– Kan ikkje akseptera at norsk må vika
– Har du som instituttleiar språkreglar dei tilsette må følgja?
– Nei, det har eg ikkje, og det kan ein ikkje ha. Men me diskuterer språk, mellom anna diskuterer me om me skal ha undervisning på engelsk. Nokre av faga våre har det i dag. Målet er å halda diskusjonen varm, og eg er kry av at dette er eit institutt der det er stor interesse for å diskutera språk.
Under konferansen hadde Ole Våge frå Språkrådet eit innlegg om prosjektet med å laga norsk fagterminologi innan kjemi. Myking meiner dette er eit arbeid fleire fag bør i gang med.
– Det må ei meir slagkraftig mobilisering til. Men kan ikkje lenger akseptera at omsynet til norsk fagspråk må vika kvar gong det er snakk om internasjonalisering. Men då må det utviklast fagterminologi, og det må gjerast i tett kontakt med fagmiljøa. Dersom Språkrådet kan laga gode og praktiske arbeidsmodellar, vil det vera ein stor fordel.