Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ei gruppe studentar frå Tokyo tok turen til Bergen, for å studera verdikjeda for norsk makrell.
Makrell er kanskje ikkje det fyrste ein tenkjer på, når ein høyrer ordet Japan. Men den austasiatiske landet er den største og viktigaste marknaden for norsk makrell.
I 2017 var den direkte eksporten av makrell frå Noreg til Japan på 62 000 tonn. I tillegg kjem fisk som ender i Japan via bearbeiding i land som Kina, Vietnam og Indonesia. Til samanlikning går berre rundt 10 000 tonn av den norske makrellfangsten til den norske marknaden.
Viktigheita av den japanske marknaden var også grunnen til at både makrell og laks var blant temaa som stod på agendaen då statsminister Erna Solberg i februar vitja Japan, og blant anna diskuterte ei partnerskapsavtale med den japanske statsministeren Shinzo Abe. Sidan sjømateksporten står for heile 41 prosent av eksporten frå Noreg til Japan vil samarbeid innan denne sektoren stå sentralt i den samanhang.
I byrjinga av mars tok ei gruppe studentar frå Tokyo University of Marine Science and Technology turen den andre vegen, frå Japan til Noreg og til Bergen, i samband med eit program der dei såg nærare på dei ulike ledda i verdikjeden av norsk makrell. På besøk i Bergen vitja dei både Havforskningsinstituttet, Sildesalslaget, Biomega i Sund og dessutan Pelagia, ein leiande produsent av produkt frå pelagisk fisk, både som mat og til for.
På det sistnemnde besøket var både nokre studentar frå UiB og også På Høyden med, og me fekk ein interessant presentasjon om både ulike produkt, om ressursutnytting og om marknadene for norsk makrell.
Izumi Sone, som er forskar ved matforskningsinstituttet Nofima, koordinerte studieprogrammet for dei japanske studentane. Ho er sjølv fødd og oppvaksen i Japan og studerte sidan både på Hawaii og i Bergen, der ho tok hovudfag innan sjømatområdet. I dag arbeider ho for Nofima i Stavanger, blant anna med makrell.
– Målet med dette programmet er auka samarbeid mellom Noreg og Japan gjennom forskning, utdanning og sjømatshandel, fortel Sone i etterkant av besøket.
Ho fortel også at studentane fekk eit godt inntrykk av verdikjeda i makrellmarknaden, samstundes som dei la merke til skilnader mellom dei to landa. – Blant tilbakemeldingane eg har fått er ei oppleving av at forskninga i Noreg er meir nyskapande, og ikkje på same måte tradisjons- og kulturbunden, fortel ho.