SiB skal bygge fleire studentbustader på Fantoft. Administrerande direktør Per Kristian Knutsen håpar på byggestart i 2016. Foto: Dag Hellesund

2200 nye studentbustader skal byggast, men ingen av dei i Bergen

– Det var som vi frykta, seier Per Kristian Knutsen, administrerande direktør i SiB.

I 2016 vil regjeringa gje tilsegn om tilskot til 2200 nye hybeleiningar over heile landet. Ingen av dei skal byggast i Bergen.

– Det var som vi frykta. Vi hadde søkt om midlar til nye studentbustader. Men vi må berre konstatere at vi ikkje fekk tildelt noko, seier Per Kristian Knutsen, administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).

– Vi arbeider med fleire nybygg. Studentbustadane i Jekteviken har vi begynt på, og vi håpar på byggestart på Fantoft og på Frydenbø i løpet av året.  Dette har vi alt fått tildelt midlar til.

Har hyblar i reserve
Per Kristian Knutsen seier SiB har pengar til 500 bueiningar i reserve. Og sjølv når dei planlagde bygga er reist, vil SiB framleis ha midlar til nye prosjekt.

–  Det er såleis ikkje kritisk for oss at vi ikkje fekk pengar no. Vi håpar og trur at når vi nærmar oss ferdigstilling med  bygga vi no arbeider med, vil vi få pengar til å starte opp nye prosjekt.

Torbjørn Røe Isaksen: Glad for satsinga
– Å ha ein stad å bu er viktig for å kunne studere. I ein pressa leigemarknad med høge prisar og få utleigebustader i høve til behovet, er studentbustader særlig viktig. Eg er glad for at regjeringa og samarbeidspartia held fram med satsinga på studentbustader i 2016, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i  ei pressemelding.

Ifølge Kunnskapsdepartementet løyver den noverande regjeringa pengar til over dobbelt så mange studentbustader som den førre regjeringa.

– I tillegg til å styrke studentvelferda vil denne satsinga vere eit viktig bidrag for å halde oppe aktiviteten i byggenæringa over heile landet, seier kunnskapsministeren.

Det er gitt tilsagn om tilskudd til følgende studentsamskipnader i 2016:    

Studentsamskipnad

Tilsagn om tilskudd til antall hybeleningar

Studentsamskipnaden i Stavanger

145

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus

416

Studentsamskipnaden i Trondheim

300

Studentsamskipnaden i Østfold

156

Studentsamskipnaden i Hedmark

117

Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge

255

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane

10

Studentsamskipnaden i Molde

13

Nord studentsamskipnad

374

Norges arktiske studentsamskipnad

370

Blindern studenterhjem

44

Sum

2200

Powered by Labrador CMS