Dette er tomten og trærne det er strid om. Området ligg mellom Jekteviken barnehage, som er dei to villaene oppe til venstre, og Jekteviksbakken. Noko av området blir i dag brukt til parkeringsplass.

Har tatt åtte år å få godkjent studentbustader

Publisert

Bygginga av 21 studentbustadar i Jekteviksbakken er utsett grunna strid om trær på tomten til Studentsamskipnaden i Bergen. SiB-direktøren håper at arbeidet kan starte til veka.

– Eg søv framleis godt om natta, seier SiB-direktør Per Kristian Knutsen til På Høyden.

I Bergens Tidende er trea til SiB omtalt som «dødsdømte», noko som gjer Kristiansen til noko nær ein bøddel. Naboar snakkar og skriv om «byggebøllen» SiB.  

– Det er ganske utruleg korleis tre kan skape engasjement, konstaterer Kristiansen.

Historia starta i 2008, då SiB ville byggje studentbustader på tomten nedanfor Jekteviken barnehage, som SiB både driv og eig.

Klagene avvist to gonger
Det er lagd reguleringsplan for området, og i april 2013 blei prosjektet vedteke i bystyret. Naboar og velforening har heile tida vore skeptiske til nedbygging av det dei ser på som ei av dei siste, grøne lungene i området, og har klaga over ulike aspekt ved prosjektet.

Men klagene har blitt avvist av både Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland, som er ankeinstans.

– Naboane har no klaga for tredje gong. Men det er akkurat dei same argumenta som kommunen og Fylkesmannen tidlegare har avvist, seier Knutsen.

– Absurd tolking
Motstandarane mot bygginga meiner at reguleringsplanen ikkje opnar for å felle eit einaste tre på tomta, ettersom det i reguleringsplanen står at «Det er ikke tillatt å felle etablerte trær i området. Etter vurdering fra Grønn etat, kan imidlertid trær som innebærer risiko eller fare beskjæres eller felles.»

Knutsen meiner det er openbart at dette ikkje gjeld tre som står i byggegropa der blokka med 21 familieleilegheiter skal byggjast. Plassering av blokka er endeleg vedteke, og naboklagene avvist.

– Akkurat dei trea som ligg i byggegropa må fellast. Det er absurd å tolk reguleringsplanen slik at ein ikkje kan felle tre der bygget skal stå. At det må gjerast burde vere ganske innlysande. Men vi kan vere einige om at formuleringa rundt trea er litt uheldig, seier Kristiansen.

Brukast som parkeringsplass
Han reagerer på at naboar omtaler SiB sin tomt som ein park, og meiner at området ikkje egnar seg særleg til verken park- eller friluftsliv.

– Dette er ein tomt, og mesteparten er ein skråning. Kanskje nokon har spilt litt fotball på den nedste, flataste delen ein gong. Men det kjem framleis til å stå tre der i framtida og. Vi ønskjer òg mest muleg vegetasjon rundt bygget.

Tomten ligg like ovanfor Bergen moské, og særleg fredagar er det mykje trafikk i området. Naboar og andre bruker i dag delar av tomten til parkeringsplass, og desse vil forsvinne med det nye bygget.

– Biltrafikken kjem ikkje til å auke på grunn av dette bygget, meiner Kristiansen.

Massivtre
I tillegg til 21 studentbustader skal det komme ein ny barnehageavdeling på toppen av bygget. Denne vil ha uteareal på toppen av bygget.

Blokka skal byggjast i massivtre, og utan parkeringsplassar.

– Slik det ser ut no blir det start i byrjinga av neste veke. På grunn av alle klagene er vi forseinka allereie, og det er litt dumt at vi ikkje får bygget ferdig til semesterstart til hausten. Men vi skal klare det i god tid før jul. No har vi venta på dette i åtte og eit halvt år, seier Kristiansen.

Slik har nybygget sett ut på illustrasjonar presentert for Bergen kommune. Ill.: SiB/Bergen kommune

– Lureri i høve til naboane
Leiar for Sydnes og Nøstet Velforening, Tormod Carlsen, meiner at SiB har seg sjølv å takke for vanskane med bygget.

– SiB må gjerne byggje, men då må dei følgje reguleringsplanen. Vi meiner det er vesentleg når SiB seier at ingen etablerte trær skal fellast i reguleringsplanen. Men så, når dei kjem til bygginga, så må dei felle likevel. Slik kan vi ikkje ha det, då blir det ein umuleg situasjon for alle som byggjer her i byen. Dette er lureri i høve til naboane, meiner Carlsen.

– Lite kompetent utbyggjar
Han understrekar at naboane og velforeininga ikkje er imot at SiB byggjer på tomta, men at det er storleiken på bygget dei motset seg.

– Korfor tok SiB inn i reguleringsplanen at etablerte trær ikkje skulle fellast, når dei ikkje hadde tenkt å følgje det? spør Carlsen.

Han synest saka får SiB til å framstå som lite kompetente som utbyggjar.

– Eg har aldri vore borti nokon som har oppført seg på den måten SiB har gjort i denne saka. Her er det eigentleg utbyggjarane som spekulerer i at dei får gjennomslag til slutt, fordi kommunen gir seg, seier Carlsen.

Fleire som er knytt til UiB er aktive i saka: Erlend Horn, som har permisjon for å vere byråd, gjorde framlegg om å flytte bygget då saka var oppe i bystyret i 2013, og Sampol-stipendiat og Miljøpartiet De Grønne-representant i bystyret Sondre Båtstrand vil spørje om saka i bystyremøtet i dag. Ein av naboane som har klaga, Sveinung Sivertsen, er stipendiat ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier.

Powered by Labrador CMS