Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Sondre Båtstrand og Johanna Vatne har onsdag morgon klatra opp i trea ved Jekteviksbakken i protest mot SiB sine byggeplanar.
Onsdag morgon skulle entrepenøren Hent AS felle trea på tomta i Jekteviken der SiB skal bygge studentbustader og barnehage.
Dei blei møtt av aktivistar som hadde klatra opp i trea for å hindre fellinga. Om lag eit 20-tals aksjonistar er på plass ved trea, skriv BA.no. Vegen skal vere sperra på begge sider av tomta.
- Vi protesterer mot dei store avvika mellom den reguleringsplanen som bystyret vedtok til det som no ser ut til å bli resultatet når utbyggarane skal i gang, seier Sondre Båtstrand til BT.
Båtstrand er nykreert doktor frå UiB og bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne.
Politiet er på staden, og innsatsleiar snakkar med leiar i Tormod Carlsen, leiar i velforeninga Sydnes og Nøstet Vel.
Ventar på Fylkesmannen
Saka er klaga inn for Fylkesmannen.
Ifølge Tormod Carlsen ventar demonstrantane på at Fylkesmannen skal handsame klaga på vedtaket. Det er ikkje klart når klaga vil bli handsama.
- Demonstrantane hindrar eit hittil lovleg arbeid. Vi har hatt ein dialog med leiar om demonstrantane. Vi er sammde om å finne ei minneleg løysing utan maktbruk. Vi ønskjer å finne ei løysing der dei går vekk sjølv, utan at dei må fjernast ved bruk av makt, seier politiets innsatsleiar John-Endre Skeie.
Politiet og demonstantane har blitt samde om å vente nokre timar før dei snakkar samen igjen.
- Vi vurderer og ser om det kjem noko svar frå fylket, og eventuelt kva svar som vil kome, seier John-Endre Skeie.
Massivtre
I tillegg til 21 studentbustader skal det komme ein ny barnehageavdeling på toppen av bygget. Denne vil ha uteareal på toppen av bygget.
Blokka skal byggjast i massivtre, og utan parkeringsplassar.
Det er lagd reguleringsplan for området, og i april 2013 blei prosjektet vedteke i bystyret. Naboar og velforening har heile tida vore skeptiske til nedbygging av det dei ser på som ei av dei siste, grøne lungene i området, og har klaga over ulike aspekt ved prosjektet.
Klagen har blitt avvist to gonger.
Saka vert oppdatert