Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Onsdag klatra aksjonistar opp i trea i Jekteviken for å hindre at dei gamle trea blei hogd ned. Torsdag morgon starta arbeidarar frå entrepenøren Hent AS å sage ned trea – verna av ei politisperring.
Gamle tre må vike for nye bustader. Arbeidet i Jekteviken starta klokka 0830 torsdag morgon.
I dag var det ingen aksjonistar på området då arbeidet starta. Tor Sivertsen Prestegard, styreleiar i SiB, opplyser at politiet er på staden for å sikre at arbeidet går føre seg i trygge rammer.
– Naboar har gitt uttrykk for at dei meiner dette er eit dårleg tiltak. Det forstår vi at dei meiner. Vi synest også det er vemodig å felle så gamle tre, men det er viktig med nye familiebustader, seier Tor Sivertsen Prestegard, styreleiar i SiB til På Høyden.
Arbeidet skulle ha starta i går, men entrepenør vart møtt av aksjonistar i trea. SiB, politiet, aksjonistane og representant frå Sydnes og Nøstet vel vart då einige om å avvente ei eventuell tilbakemelding frå Fylkesmannen.
Les også: Lar aksjonistar sitje i dag
Omsyn til fortetting veg tyngst
På tomta skal SiB bygge studentbustader for familiar, samt ein barnehage med leikeområdet på taket.
– SiB meiner det er både formålstenleg og ønskjeleg med fortetting i sentrum, noko det også er politisk semje om i Bergen. Det er eit bra prosjekt fro kunnskapsbyen Bergen, og bra for dei som får bu nær lærestaden sin, seier Tor Sivertsen Prestegard.
Tor Sivertsen Prestegard seier at SiB vil arbeide for å plante nye tre i nærområdet. SiB vil gå i dialog med velforeininga og eigarane av nabotomta om etablering av eit grøntområde med leikeplass.
Langvarig kamp
Naboar og velforeining venta i går på ei avgjerd frå Fylkesmannen. Fylkesmannen har høve til å gje oppsettande verknad, slik at trefellinga vart stansa. Den kom ikkje i løpet av onsdag.
Det er tredje gong naboar og velforeining klagar på utfallet av saka til Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland, men kvar gong har klagene blitt avvist. No står striden i realiteten om fem tre på andre sida av vegen, der SiB har fått pålegg om å byggje eit fortau langs tomta der det er planlagd ein park.
Torsdag formiddag avviste fylkesmannen klagen fra naboer og velforeining. Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast.
Her kan du lese vedtaket frå Fylkesmannen.
– Det er gledeleg å lese at Fylkesmannen stadfestar Bergen kommune sitt vedtak om at vi har lov å byggje studentbustadane i Jekteviken. No vonar vi på ro kring prosjektet og godt samarbeid med velforeining og naboar for dei 26 barnefamiliane som skal flytte inn, seier Tor Sivertsen Prestegard i ei pressmelding.
Hentar inn advokat
Styreleiar i Sydnes og Nøstet vel, Tormod Carlsen, meiner Fylkesmannen braut lova ved å ikkje handsame oppmodinga om at arbeide skulle stansast onsdag.
I ei pressemelding seier Tormod Carlsen at «Fylkesmannen skulle behandlet oppsettende virkning i går, øyeblikkelig, slik loven krever. I stedet vil fylkesmannen bruke tiden på å behandle hele klagen på to dager – mens trærne felles, men uten å behandle oppsettende virkning. Det kan de ikke».
Ifølge BT vil velforeininga engasjere sin advokat i saka.