Johan Myking har ikkje inntryk av at folk forvekslar han med ein spekkhoggar når han tilbyr seg å ta over språksamlingane frå Oslo.

– Vi er ikkje ute på spekkhoggeri

Publisert

Instituttleiar Johan Myking vil overta språksamlingane til UiO. – Men eg trur likevel folk i Oslo forstår at det ikkje er spekkhoggeri vi er ute på, men at vi vil gi støtte.

Universitetet i Oslo vil kvitte seg med språksamlingane sine, og heller forske på fagfelt dei kan bli internasjonalt leiande på. Gjennom På Høyden blei ideen om å flytte samlingane til Bergen lansert, og denne tanken får no støtte frå UiOs universitetsavis, Uniforum.

Lukka forskarklubb
I ein leiar skriv redaktør Martin Toft «Flytt heller språksamlingane til Universitetet i Bergen!». Uniforum viser til at UiB allereie har eit godt, fagleg miljø for forsking på norsk og nordiske språk, og at universitetet òg har drive med namneforsking.

Det har òg vore foreslått å leggje språksamlingane og forskinga rundt dei til enten den lukka medlemsorganisasjonen Det Norske Videnskaps-Akademi, eller til Språkrådet, men dette meiner Uniforum er mindre gode løysingar: Vitskapsakademiet er ein «lukka forskarklubb», og dei har ingen tradisjon for språkforsking. Språkrådet driv med normering av norsk språk, og er heller ingen forskingsinstitusjon.

Resten av jobben med nynorskverket Norsk ordbok bør derimot avsluttast i Oslo, meiner avisa.

Blir oppfatta som støtte
Etter at Bergen blei foreslått som ein framtidig heim for samlingane, har ideen blitt debattert fleire stader. I kveld er det debatt på Litteraturhuset i Oslo. Dit skal Johan Myking, som er leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier.

– Vi har lagt merke til leiaren i Uniforum. Desse språksamlingane er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, og eg trur det er nødvendig for oss å markere støtte til UiO, seier Myking til På Høyden.

Han har fått positive reaksjonar frå fagmiljøet i Oslo på utspelet, som blir oppfatta som støtte.

– Det beste for alle partar hadde vore om Oslo framleis tok vare på dette miljøet, slik at Bergen hadde ein seriøs medspelar nasjonalt.

Har leiinga i ryggen
Myking likar ikkje tanken på at vi kan ende opp med berre eitt sterkt fagmiljø på feltet. Ideen om å flytte heile eller delar av samlinga til Bergen har òg vore diskutert med leiinga på UiB.

– Eg oppfattar det slik at både hos dekan og rektor så har denne saka møtt interesse. På det noverande stadiet har eg dekning for å nemne Bergen som ein interessant  aktør. Men saka mellom Kunnskapsdepartementet og UiO er ikkje avklart enno, men vi har gitt melding til Kulturdepartementet om at vi gjerne tek eit møte om saka.

– Vi holder i tråden og følger med på dette, seier dekan Margareth Hagen.

På Høyden kjem med sak frå debatten på Litteraturhuset i Oslo. 

Språksamlingane

Samlingane ved Universitetet i Oslo er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

Arbeidet med Norsk Ordbok blei starta allereie i 1930. Det siste av dei tolv banda skal vere ferdig til vinteren. Verket gir ei uttømmande og vitskapleg framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og nynorsk skriftspråk, med gramatikk, tydingar, ordhistorie og døme på bruk både i litteratur og talemål. Verket har over 300 000 oppslagsord. Eit tilsvarande verkst finst ikkje for bokmål, og det er heller ikkje løyvd pengar til det. 

10. juni vedtok styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo at det ikkje lenger hadde råd tll å ta ansvaret for språksamlingane. Saka skal opp for universitetsstyret. 

(Kjelder: Norsk Ordbok 2014 og Uniforum)

Powered by Labrador CMS