UiB er representert i ei ordbok-gruppe som ser på om det let seg gjera å overta ansvaret for Norsk Ordbok. –Ein kan ikkje ta ansvar for ordboka utan og å ta ansvar for språksamlingane, seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Kan få ansvaret for både samlingar og ordbok

Publisert

Universitetet i Oslo vil kvitta seg med Norsk Ordbok. – Me kan ikkje ta ansvar for ordboka utan å òg ha ansvar for språksamlingane, seier Johan Myking.

I juni sa Universitetet i Oslo frå seg ansvaret for både språksamlingane og Norsk Ordbok. At UiB er interessert i å ta over språksamlingane, har vore kjent lenge. Onsdag skreiv Klassekampen at Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, har teke initiativ til ei ordbokgruppe sett saman av representantar frå Nynorsk kultursentrum, UiB, UiS, Høgskulen i Volda og forlaget Samlaget.

Ordbokgruppa jobbar med å rekna ut kva det vil kosta å oppretthalda og utvikla språksamlingane, og å fullføra digitaliseringa og drifta ordboka på nettet.

– Fokus ligg litt for einsidig på ordbøkene. Det er språksamlingane som er grunnlaget, seier Johan Myking, instituttleiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, til På Høyden.

To sider av same sak
– Kan ein ta ansvar for Norsk Ordbok utan å òg ta ansvar for språksamlingane?

– Nei, det kan ein ikkje. Men ein kan ansvar for språksamlingane utan å samstundes ta ansvar for Norsk Ordbok, seier Myking.

– Når det gjeld språksamlingane har me allereie forsking på dette feltet. Me har ei namnesamling og me har forskingskompetanse. Men arbeidet med namnegransking er allereie svekka. Kva skal kommuane gjera når det ikkje lenger finst namnekonsulentar, spør Myking.

Norsk Ordbok er eit verk i tolv band over norske dialektar og nynorsk skriftspråk. Arbeidet med ordboka byrja i 1930, siste band skal vera ferdig i februar. Deler av verket er digitalisert. I Oslo er det 28 forskarar som har jobba med å få ordboka ferdig. Dei har fått oppseiingsvarsel, skreiv På Høyden i vår.

Til Klassekampen seier Myking at han ikkje har økonomisk fullmakt til å lova noko.

– Kan ein overta språksamlingane utan å få tilført ressursar?

– Nei, å overta samlingane vil òg kreva nye ressursar, men færre enn om me òg skal ta ansvaret for Norsk Ordbok, seier Myking.

Vil ha arkiv inn i strategi
Uniforum har tidlegare skrive at Kulturdepartementet meiner at pengane UiO fekk då Norsk leksiografisk institutt vart oppretta i 1972, må følgja med dersom universitetet no seier frå seg ansvaret for språksamlingane og Norsk Ordbok.  Klassekampen skriv at redaktør i Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik, vil det kosta 4,2 millionar kroner i året å drifta ordboka.

– Å overta språksamlingane vil krevja både arkivarstillingar, IT-kompetanse og forskarstillingar, seier Myking.

Han viser til at LLE i dag har to halve arkivarstillingar knytt til stadnamnsamlinga.

– Samstundes har UiB, og særleg Det humanitiske fakultetet, mange samlingar å ta vare på. Me har teaterarkivet, Bjørndalsamlingane og Midtausten-samlinga. Eg meiner at arkiv-arbeidet burde samlast og at ein burde seia noko om arkiva i den nye UiB-strategien, seier Myking.

Opphavsrett-problem
Klassekampen skriv at Myking no har fått formell førespurnad om eit sonderingsmøte med UiO.

– Eg, i eigenskap av instituttleiar, har uttalt meg fagpolitisk offentleg om saka, og har motteke spørsmålet om sondering frå ein likemann ved ein annan institusjon. Det er mitt ansvar å halda kontakten oppover og sikra klarering av det eg seier eller lovar, seier Myking.

Men førebels er det mange skjer i sjøen. Eit av dei er knytt til opphavsrett.

– Det er to redaktørar som meiner dei har opphavsrett til deler av språksamlingane, gjennom arbeidet med Norsk Ordbok. Dei har sagt at det er problematisk dersom det vert eit forlag som overtek språksamlingane, men at problemet vert mindre dersom det vert ei løysing i offentleg regi. Eg reknar ikkje med at UiB kjem til å koma opp i ein diskusjon om opphavsrett dersom det vert me som overtek samlingane, seier Myking.

Juli neste år har vorte peika på som tidspunkt for å få avklart kva som skjer med både språksamlingane og Norsk Ordbok.

– Eg trur det er litt optimistisk. Me har samtalar og sonderingar no, men det er mykje som skal på plass, seier Myking.

Powered by Labrador CMS