Joly: – Vi kvitvaskar korrupsjonen

Publisert

– I vårt samfunn er korrupsjon ulovleg og uakseptabelt. Derfor kvitvaskar vi gjennom finurlege mekanismar.

Det hevdar nyutnemnd æresdoktor ved Universitetet i Bergen (UiB), Eva Joly. I eit fullsett auditorium på Dragefjellet let ho det vere liten tvil om at Norge har eit stort ansvar for å bekjempe internasjonal korrupsjon – som vi er ein del av.

– Frå eit antropologisk synspunkt er det store forskjellar på korleis ein viser makta og på korleis makta kler seg ut. I vårt protestantiske er makta meir skjult enn i katolske land, der hierarki og maktstrukturar er synlege. Vi kvitvaskar korrupsjonen gjennom finurlege mekanismer.

Oljekrise og korrupsjon

Sjølv om Norge ligg langt framme når det gjeld retten til innsyn i offentleg og privat verksemd, ligg vi langt tilbake når det gjeld å bekjempe marknadskriminaliteten, ifølgje Joly. I ei framtid med auka press på oljeressursane vil det vere naivt å tru at Noreg ikkje har eit stort ansvar.

– Innan 2030 må det investerast trillionar av dollar – halvparten i Vest-Afrika. Det gjer mulegheitene for korrupsjon uendelege.

I denne delen av verda har vestlege land lenge demonstrert sin vilje til å ta alle middel i bruk. At ein milliard dollar årleg går i korrupte lommer i Angola, er til dømes ”noko alle veit”, i følgje Joly.

– Korrupsjon i U-land er ikkje eit U-landsproblem. Det er Vesten som har tatt kontroll over ressursane ved korrupsjon.

Eit oljetørst Asia vil i framtida hevde seg sterkare i konkurransen om knappe ressursar, og korrupsjonen kan nå nye høgder – så store høgder at Vesten kanskje ikkje vil kunne akseptere den. I følgje Joly ligg det dermed til rette for konflikt og krig.


Må vinne kampen

Eva Joly, berømt for avsløringane av gigantisk internasjonal korrupsjon i Frankrike og i dag spesialråd i det norske justisdepartementet, meiner vi må begynne med bank- og finansvesenet. Eit apparat for overvaking av internasjonale pengeoverføringar må på plass, eit system som kan vise kvar pengane kjem frå og kvar dei tek vegen.

– Må vinne kampen mot korrupsjon, og vi må vinne den no, sa Joly.

Powered by Labrador CMS