Jan Martin Nordbotten (t.v.) var frikjøpt frå undervisning og administrasjon, og starta ei jordomsegling. Jan Fridthjof Bernt seier ein har ei slags nærværsplikt når ein ikkje har plikter som krev at ein er til stades.

– Dette handlar ikkje om akademisk fridom

– Er du i ein situasjon der du er fristilt frå undervisning og administrative plikter, er det vanleg å oppfatte at du då har fridomen til å fysisk vere der du sjølv ønskjer.

Dette seier Jan Fridthjof Bernt til På Høyden.

Han utdjupar:

– Det er vanleg at professorar ved UiB er til stades i forskingsmiljøet også når ein ikkje har undervisning eller administrative oppgåver. Utan at det er uttalt, har ein også då ei slags nærværsplikt, seier Jan Fridthjof Bernt.  

– Er du i ein situasjon der du er fristilt frå undervisning og administrative plikter, er det vanleg å oppfatte at du då har fridomen til å fysisk vere der du sjølv ønskjer.

Dette seier Jan Fridthjof Bernt til På Høyden.

Han utdjupar:

– Det er vanleg at professorar ved UiB er til stades i forskingsmiljøet også når ein ikkje har undervisning eller administrative oppgåver. Utan at det er uttalt, har ein også då ei slags nærværsplikt, seier Jan Fridthjof Bernt.  

Samtidig er det allment akseptert at det kan vere gode grunnar for at ein forskar skal vere vekke frå arbeidsplassen, meiner han.

– Nokre er ute og reiser av faglege grunnar. Sjølv om nærværsplikta ved universiteta har blitt noko stengare, er det ikkje vanleg at arbeidsgjevar legg seg opp i kor du reiser og kor lenge du er vekke. Forskar du på flyktningforhold i Syria, må du kunne vere der kor tinga skjer. Og det ligg også innebygd i forskingsfridomen at du kan søke faglege kontaktar der du vil.

Ein har også ei slags nærværsplikt

Den eksponerte UiB-professoren i matematikk, Jan Martin Nordbotten, valde å ta med seg VISTA-professoratet han var tildelt på jordomsegling. Då VISTA-styret blei gjort merksam på dette, meinte dei Nordbotten hadde misleghalde avtalen, og trakk professoratet.
 
 
I «Retningslinjer for registrering av arbeidstid og overtid for ansatte ved UiB» er mellom anna professor-stillingar definert som «særleg uavhengige». Her står det at «Amls begrep særlig uavhengige stilling karakteriseres av at stillingsinnehaverne har en «selvstendighet» eller «uavhengighet» i hvordan og til hvilken tid arbeidsoppgaver organiseres og gjennomføres. Den enkelte prioriterer sine oppgaver, når arbeidet skal utføres og hvordan arbeidet skal utføres. Forskning innebærer stor faglig selvstendighet, i form av frihet til å velge problemstillinger, metoder, publisering av forskningsresultater og lignende».
 
Brot med forventningar
Men kan ein ògså med henvisning til sin akademiske fridom vere vekke frå arbeidsplassen i lang tid, så lenge ein gjer jobben sin og kommuniserer med kollegaer og andre når det er nødvendig?
 
Juss-professor Jan Fridthjof Bernt meiner den havarerte VISTA-avtalen kan sjåast på som at Nordbotten braut med det som var venta av han.
 – I akkurat denne saka handlar det ikkje om akademisk fridom. Her handlar det om konkrete forventningar til korleis den aktuelle professoren skal utføre forskingsoppdraget sitt, seier han til På Høyden. 
 
 – Har VISTA forventningar om at professoren skal være ein ressursperson for miljøet sitt i frikjøpsperioden, kan dei hevde at det er problematisk dersom vedkomande er vanskeleg tilgjengeleg i fleire veker av gangen, seier Bernt.

Han forklarer at dersom nærværet ikkje er nødvendig med omsyn til forskingsverksemda, må eit slikt krav om fysisk nærvær grunngjevast heilt konkret ut frå vilkår og føresetnader for forskingsfri.

– Utgangspunktet er at når ein er fristilt frå andre plikter for å kunne forske, er det vanleg å sjå på dette som ein fridom til sjølv å bestemme også kvar ein vil arbeide. Mange som har forskingsfri, nyttar gjerne denne perioden til å vere i utlandet, og for å få betre forhold for å kunne konsentrere seg om forskingsarbeidet.

Fridom under ansvar
Johan Giertsen, professor i jus ved UiB var med i utvalet som publiserte NOUen Akademisk frihet — Individuelle rettigheter og institusjonelle styringsbehov i 2006.

– Forskingstida utgjer halvparten av arbeidstida. Her gjeld den akademiske fridomen, som betyr at ein sjølv kan velje tema, metode og publikasjonsform, seier Johan Giertsen.

Han fortel at den akademiske fridomen botnar i ei gamal førestilling om at den type fridom skapar størst kreativitet og best resultat.

Dette er ein fridom under ansvar, og som sikkert kan verke noko framand i andre offentlege etatar der det er eit krav om at ein er til stades, seier Johan Giertsen.

Nokre tenker betre når dei er på fjellet ein solskinsdag enn når dei trykkar på kontoret

– Kan ein seie at ein kan bruke den akademiske fridomen sin til å vere vekke frå UiB?
– Den gode ideen kan kome på dei raraste tidspunkt. Nokre tenker betre når dei er på fjellet ein solskinsdag enn når dei trykkar på kontoret. Som akademisk arbeidsgjevar kan ein ikkje strømlineforme dette arbeidet, og seie at ein skal vere på kontoret i arbeidstida.

– Når ein er frikjøpt, er ein då frikjøpt frå plikta til å vere til stades?
– Det kjem an på kva vedtak som er treft i den aktuelle saka. Har det ikkje klare vilkår, er det viktigast kva som kjem ut av perioden, ein publikasjon eller noko anna. Når det gjeld vedtak om forskingsfri, frikjøp eller andre ordningar med frikjøp for undervisning og administrasjon, er mi erfaring at det ikkje er vanleg å ha med avgjerder om plikt til å møte opp eller vere til stades. Det er ikkje tradisjon for å leggje seg opp i korleis arbeidet i denne perioden vert utført. Nokre arbeider best på kontoret, andre heime, andre på hytta. Det normale er at instituttet og fakultetet stolar på at forskaren vil bruke tida til forsking, og då er det sjeldan grunn til å fastlegge kvar forskaren på opphalde seg, seier Johan Giertsen.

Powered by Labrador CMS