Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Bergen (UiB) tok i 2017 over ansvaret for språksamlingane som kom frå Universitetet i Oslo. Samlingane er plasserte ved Universitetetsbiblioteket, og har fått ei løyving på seks millionar kroner frå Stortinget. Men samstundes har UiB liknande samlingar. Dei lever sitt eige liv på Det humanistiske fakultetet, og det er ikkje pengar til drift og vedlikehald. Dette skreiv På Høyden før helga.
— Ein må verta samde om kven som har ansvar for samlingane, seier prorektor Margareth Hagen til På Høyden.
Ho var dekan ved Det humanistiske fakultetet då språksamlingane kom over fjellet.
— Tenkte ein at samlingane som kom skulle smelta saman med det som allereie fanst ved UiB?
— Ein tenkte at det fanst samlingar og kompetanse her, men ein tenkte vel ikkje at det skulle smelta saman, seier Hagen.
Professor Johan Myking, som var instituttleiar då samlingane frå Oslo kom, og som no leiar styringsgruppa for språksamlingane, peikar på Universitetsbiblioteket når det gjeld kven som bør ta over ansvaret for UiB-samlingane. Det same gjer noverande instituttleiar Anders Fagerjord og professor emeritus Gjert Kristoffersen. Saman med emeritiane Helge Sandøy og Ole-Jørgen Johannenssen har han bede om at instituttleiinga tek eit initiativ i saka.
Dekan Sejersted peikar òg på Universitetsbiblioteket.
— Samlingane er bygd opp i fagmiljøet, innanfor instituttet sine rammer. Men det er, så vidt eg veit, semje om at samlingane skal overførast til biblioteket. Det er då viktig med tilgang for forskarane, seier han.
Fakultetsstyret har fatta vedtak om overføring, men det har ikkje skjedd noko.
— Kvifor er det ikkje lenger stillingsressursar knytt til målføre- og stadnamdsamlingane?
— Det har vore stillingsprosentar knytt til samlingane, det stemmer. Men dei forsvann då dei som hadde dette som ein del av stillinga si vart pensjonistar. At det ikkje er sett av stillingsprosentar knytt til dette lenger, heng saman med fakultetet sin ressurssituasjon og faglige prioriteringar, seier Sejersted.
Prorektor Margareth Hagen
Det humanistiske fakultetet har hatt dårleg økonomi i fleire år, sjølv om det no vert meldt om noko betring.
— Kva i samlingane skal ein berre ta vare på og kva skal ein vidareutvikla?
— Det er noko fagfolka må svara på, seier Sejersted.
Men spørsmålet er altså i så fall kven som skal betala for vidareutvikling og arkivering.
Viserektor Robert Bjerknes har ansvar for tverrfagleg verksemd og store satsingar. Han seier at samlingar som dei som i dag ligg på Det humanistiske fakultetet er noko fakultetet har ansvar for, på same måte som andre fakultet eller avdelingar har ansvar for mellom anna register, biobankar og vitskapleg utstyr.
— Då må ein gjennom den ordinære budsjettprosessen spela inn at slike samlingar er noko ein meiner ein treng pengar til eller bidra til at det vert skaffa eksterne midlar til dømes frå samarbeidspartnarar eller det offentlege, seier Bjerknes.
— Det er viktig å tenkja på at Det samfunnsvitskapelege, Det humanistiske og Det juridiske fakultetet òg treng infrastruktur. Ein treng ikkje skip, men ein har andre behov – som ikkje er så dyre, seier prorektor Hagen.
Viserektor Robert Bjerknes
— Men samlingar som har denne storleiken er det fakulteta som forvaltar, legg ho til.
Bjerknes viser elles til UiB sin handlingsplan for forskingsinfrastruktur og til arbeidet i Infrastrukturutvalet. Det skal mellom anna gi råd til universitetsleiinga i spørsmål knytt til investering, organisering og drift av infrastruktur. I år vert det arbeidd mellom anna med retningsliner for etablering og finansering av større og felles forskningsinfrastruktur ved UiB.
— Språksamlingane kan ein sjå på som forskningsinfrastruktur for heile UiB, men infrastrukturutvalet har ikkje eigne pengar og er eit rådgjevande organ, seier Bjerknes.
— Eg kan vera samd i at det er ein unaturleg situasjon med to samlingar på to stader, seier dekan Sejersted.
Han meiner ein bør samarbeida om ei løysing.
— Men kven skal betala?
— Dette er eit felles ansvar. Fakultetet kan vera med på eit spleiselag med UiB og UB, seier Sejersted.