Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med NFR-stipend har BT-journalist Kjersti Mjør fått seks veker til å finna ut meir om forsking på medisin og helse ved UiB.
Kontakten mellom norske forskarar og journalistar er ikkje alltid den beste – og det er nesten alltid den same vesle prosenten som stiller opp i media, medan resten er usynlege. NFR sitt formidlingstipend er meint å auka kontakten mellom media og forskingsverda. Stipendet kan nyttast begge vegar – både ved at forskarar set seg inn i korleis mediefolk tenkjer ved å opphalda seg ein periode i ein redaksjon – og ved at journalistar oppheld seg ved forskingsinstitusjonar. Aftenpostens prisløna helsejournalist Anne Hafstad hoppa til dømes over frå akademia til avis etter eit slikt stipend. Kjersti Mjør er den første BT-journalisten som vitjar Medisinsk fakultet gjennom eit slikt stipend, og ho trur at det hjelper på tilliten å treffa forskarane andlet til andlet. Mjør minner lite om ein skummel journalist som har til hensikt å lura forskarar til å mista ansikt gjennom tabloide overskrifter, og meiner det å skaffa seg betre kunnskap om det medisinske forskingsmiljøet er med på å gjera hennar eigen jobb meir interessant. UiB-utdanna Mjør er ein erfaren journalist med mange års praksis frå NRK radio og TV, og sist i storebror i den lokale medieverda, Bergens Tidende. Til vanleg arbeider ho i nyhenderedaksjonen i BT der ho det siste året har ho hatt ansvaret for saker som er knytt til helse. Og til dagleg går det fort med stort krav til produksjon – og tilsvarande lite tid til djupdykk i ei delvis lukka forskingsverd. No har journalisten ei lang liste med saker og folk å gripa fatt i når ho er tilbake på jobb i BT. Ho strekar under at ho tek i mot tips både no og når ho er attende i avisa.
- I Bergens Tidende har vi eit klart ønske om å klara å fanga opp meir av det som skjer på det medisinske forskingsfeltet. Universitetet er ein stor produsent av nyhende, men vi klarar berre å grava fram altfor lite av dette, seier Kjersti Mjør.
Erfaren journalist
- I det daglege er det kjapp, kjapp og lite høve til å finna eigne saker. Det vert ofte til at ein spring frå sak til sak og “slokker brannar”. For meg er det å sleppa det daglege produksjonspresset ein unik sjanse til å gå djupare inn i ting. Siktemålet er sjølvsagt å finna fram til forskingsstoff som kan formidlast i Bergens Tidende, seier stipendiaten.
Ho har allereie vore fire veker ved UiB og er positivt overraska over kor godt ho har blitt motteken.
- Desse vekene har eg nytta til å prøva å orientera meg, til å snakka med nøkkelpersonar blant legar og forskarar. Alle eg har kontakta har vore svært positive og imøtekomande. Dei har tatt seg tid til meg sjølv om dei er svært travle og eg har hatt mange gode og nyttige samtaler med engasjerte og flinke folk. Til vanleg vert det mykje telefonintervju og det har vore viktig å kunna sjå folk i augene – og etablera ein kontakt, påpeikar Mjør.
Vil ha tips
– Så langt har opphaldet ved UiB vore både nyttig og inspirerande. Fleire journalistar bør gripa sjansen og søka om eit slikt stipend, avsluttar Mjør som skal nytta dei siste vekene av stipendet sitt ved Onkologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.
Kjersti Mjør kan kontaktast på epost: kjersti.mjor@bt.no