Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Medan norsk klimajournalistikk framleis diskuterer om klimaendringane er naturlege eller menneskeskapte, må journalistar i Pakistan dekke stadig fleire dødsfall forårsaka av klimakatastrofar.
– Pakistan står andsynes enorme utfordringar som resultat av klimaendringane. Tusenvis har mista livet i flommar dei siste åra, og styresmaktene sine svar på utfordringane er ynkelege, seier Shahid Mehmood til På Høyden. Han er nyhendejournalist i tv-kanalen Dunya TV i Islamabad i Pakistan. Mehmood gjesta Noreg i samband med Nansenkonferansen om klimaflyktningar som gjekk av stabelen i Oslo i byrjinga av juni. Saman med kollegaen Sohail Iqbal Bhatti, som arbeider i tv-kanalen Samaa tv, var dei nokre dagar i Bergen etter konferansen, mellom anna for å vitje Bjerknes-senteret. Dei to fortel at det er utfordrande, og ofte frustrerande, å vere klimajournalist i eit land som Pakistan. – Det største klimaproblemet nett no handlar om smeltande isbrear. Den store Siachen-isbreen smeltar fortare enn nokon gong, og fører til flom og endringar i regnmønsteret, men vi har ikkje ressursar til å verne oss mot flommane, fortel Mehmood. Siachen-breen ligg i grenseområdet mellom India og Pakistan og har vore årsak til militær konflikt mellom dei to landa dei siste 25 åra. Smeltevatnet frå breen er svært viktig for begge land. Vil ut av olje-alderen Analfabetismen i Pakistan er høg. Gjennom sitt arbeid som tv-journalistar prøver dei begge å spreie kunnskap om mekanismane i klimaendringane, og om kva som kan gjerast for å ta vare på miljøet. Dei meiner også at journalistar har ei svært viktig rolle i å leggje press på styresmaktene for å få fortgang i utbygging av alternativ energi og andre klimatiltak. – Media har ei nøkkelrolle når det gjeld å skape merksemd kring klimaspørsmål. Vi lagar videorapportar frå katastrofeområde, og vi lagar doumentarar om klimaspørsmål med hjelp frå ekspertar, og vi ser at merksemda hos publikum er større enn før, seier Mehmood.
– Energi er eit anna stort miljøproblem i Pakistan. Mesteparten kjem frå fossile energikjelder. Vi har eit stort potensiale for å skaffe energi frå vatn-, vind- og solkraft, men prosjekta blir liggande på teiknebordet og aldri realisert. Oljelobbyen har stor makt, og mange pengar som skulle brukast til fornybare energiprosjekt, går vekk i korrupsjon, seier Bhatti.