Jubileum for helsevaneundersøking

Publisert

Den internasjonale studien «Health Behaviour in School-aged Children. A WHO Cross-National Survey» (HBSC) rundar tjue aktive år i år. Jubileumskonferansen finn stad i Bergen 5. og 6. juni, og interessa for prosjektet er aukande.

HBSC-prosjektet starta i 1983 etter initiativ frå forskarar ved HEMIL-senteret, samt England og Finland. Det vart etter kort tid tilknytta Verdas Helseorganisasjon (WHO). Sidan er prosjektet spreidd til fleire land, slik at det no er 36 land som er involvert, dei aller fleste i Europa. Senter for helsefremjande arbeid, miljø og livsstil (HEMIL-senteret) ved UiB hadde koordineringsansvaret i frå prosjektet vart etablert og fram til 1996. Sidan starten har HEMIL-senteret også hatt ansvar for databanken i undersøkinga.

– Tilknytinga til WHO er viktig fordi det opnar ein del dører mot Aust-Europa, og vi legg stor vekt på å inkludere land herfrå i undersøkingane, seier førsteamanuensis Oddrun Samdal ved HEMIL-senteret. Ho er for tida databank-ansvarleg for prosjektet.

I regi av prosjektet blir det kvart fjerde år delt ut spørjeskjema til eit representativt utval av elevar på 11, 13 og 15 år i dei landa som deltek. Ved siste runde, i 2002, var 160.000 elevar med i undersøkinga. Den internasjonale databanken er oppretta i samarbeid med Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste.

Trendar i helsevanar

– Spørsmåla set fokus på sjølvopplevd helse og på helsevanar, slik som røyking, kosthald, fysisk aktivitet. Men vi undersøker også kva faktorar som påverkar desse vanene og opplevingane. No når prosjektet er blitt så omfattande, har vi ein del fellesspørsmål, og nokre temaområde som dei ulike landa kan velje mellom, slik som ulykker, mobbing eller sosial ulikskap, fortel Samdal.

Med prosjektet har ein vilja drive systematisk kartleggjing og følgje langsiktige trendar i subjektiv helse og helsevanar. Etter kvart er ein også blitt meir opptekne av kva som kan forklare at vi har det bra.

– God helse har både/og-forklaringar. Vi har det bra viss vi ikkje er utsette for sjukdom eller tunge belastingar. Men samtidig treng vi litt motstand for å trivast maksimalt. Vi treng utfordringar, å kunne ta avgjerder som gjeld våre eigne liv, å få støtte frå andre. Vi prøver å konkretisere desse aspekta slik at vi får spørsmål som barn og unge kan svare på, seier ho.

Undersøkingane avslører at barn og unge i ulike land let seg påverke av dei same tinga, men at utfallet kan bli ulikt frå stad til stad.

– Forklaringsmodellane ser ut til å vere same på tvers av land. Samstundes er det kulturelle variasjonar som påverkar korleis vi rapporterer helse og liknande. I nokre kulturar er det vanleg å sette ord på problema, i andre kulturar er det meir vanleg å halde ting for seg sjølv, til dømes. Ein treng såleis ein del kulturinnsikt for å tolke resultata.


Negativ utvikling på 1990-talet

Data frå prosjektet blir brukte av forskarteam i alle landa som er med, og rapportar på grunnlag av undersøkingane blir leverte til nasjonale helse- og skulestyresmakter i dei ulike landa, til bruk i førebyggjande og helsefremjande arbeid. Dei store trendane syner ei negativ utvikling i helsevanar gjennom 90-talet.

– Vi har sett ein generell auke i røyking og alkoholbruk. Det var også fleire som ikkje åt frukost, og dei opplevde helseplagene vart større. Tala frå den siste undersøkinga er ikkje klare enno, og vi er spente på om utviklinga held fram. Nivået på fysisk aktivitet heldt seg nokolunde stabilt. I Noreg er ikkje skuleelevar så verst aktive, og i Europeisk samanheng skil vi oss positivt ut ved at her er jentene nesten like aktive som gutane.

– Det stemmer ikkje heilt med rapporten frå Sosial- og helsedirektoratet om fysisk aktivitet i skulen, som nyleg viste at norske elevar er mellom dei minst aktive i Europa?

– Nei, men det kjem litt an på kva utgangspunkt ein har. Vi har målt aktivitet utanom skuletida. Og det er klart at viss målet er at ein skal vere aktiv ein time kvar dag, har vi eit stykke veg å gå. I Norge er 70-80% av elevane aktive 2-3 timar i veka utanom skulen. I forrige undersøking samarbeida vi med Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet om nokre av spørsmåla, slik at dei kan bruke resultata til å utvikle tiltak for å auke aktiviteten.

Jubileumskonferansen går av stabelen i Bergen 5. og 6. juni, med om lag 120 deltakarar frå alle landa i prosjektet. Det vil bli poster-sesjonar og førelesingar, og etter sjølve konferansen skal studienettverket ha sine møte.

– Mellom anna skal vi diskutere om det er aktuelt å utvide prosjektet. Vi har møtt interesse frå fleire land utanfor Europa, og då må ein vurdere om spørsmåla og problemstillingane er direkte overførbare, seier Samdal.

Powered by Labrador CMS