Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det var uvanleg mange krystallugler i Knut Fægris hus denne veka. Heile 40 tilsette vart heidra for lang og tru teneste på universitetet.
Det gjekk føre seg som det brukar, med høge glas og stas under lysekronene i Knut Fægris hus. Men denne gongen var det knapt plass til alle i trappa då På Høyden tok det etter kvart tradisjonsrike bildet av jubilantane ved Universitetet i Bergen (UiB).
Fire vart feira for heile 40 år i arbeid for universitet – og 36 for eit kvart hundreår.
Administrative, vitskapelege – som kanskje er blitt noko meir administrative med åra dei også – var der, og rektor Dag Rune Olsen i det som kan ha vore eit raudt UiB-slips og assisterande direktør Tore Tungodden med blått.
Før smørbrød, alltid eit høgdepunkt, stod Frode Skag Storheim, masterstudent på Griegakademiet, for den åndelege føda: Eit musikalsk kåseri ved klaveret, som litt overraskande, men elegant sydde Claude Debussy i saum med Jakob Sande , via Grieg og Glade jul.
I naborommet stod ein heilt uvanleg stor stabel vasar og ugler i krystall klare for eit liv på peishyller og reolar, som synlege bevis på innsatsen for vestlandets universitet.