Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– ”Kan du sette meg over til han med litt lite hår i andre etasje”.
Damene ved UiBs sentralbord får like mange rare spørsmål enten det er jul eller ikkje.
Alle kjenner stemmene deira, men få veit kven dei er. På Høydens reporter kjempar seg derfor gjennom regn og vind i førjulsstria for å oppsøke sentralen i Christiesgate 18. Ho ser for seg eit litt gammalmodig kontor der damer med permanentkrøller sit foran store panel som lyser blått. – Når du snakkar med folk i telefonen stemmer det aldri med korleis dei ser ut, seier Elin og eg mistenker at ho kan lese tankane mine. Mest av alt kan jobben som sentralborddame samanliknast med jobb som detektiv. I 1996 fekk Universitetet i Bergen nytt telefonssystem. Då var det ut med det gamle sentralbordet som hadde ekspedert alle samtaler inn og ut – og ein fekk høve til å ringe direkte. Då vart det og mindre kontakt med dei tilsette, fortel Anna Aud Losnegaard som har jobba i sentralen sidan 1989. – Ring. Ring.
Allereie i det ho går gjennom døra til det skuffande moderne bygget med vrengt paraply skjønar ho at dette ikkje stemmer med røynda. Under kantina, innerst i kroken, finn vi UiBs sentralbord, eller Sentralen som det heiter blant innvidde. Det første som møter oss er ein stilig sofa og glasvegger. Særs lite musealt, og vi får helse på moderne, smilande damer med kjende stemmer.
– Det er litt lite telefonar akkurat no. Det går veldig i rykk og napp?
Skarre-r-en som ein oftast høyrer om ein ringer Sentralen, tilhøyrer Elin Johnsen. Ho har berre jobba her i fem år. Ho ser ikkje ut slik eg trudde.
– Det stemmer aldri
– Eg har opplevd å sitje på fly og kjenne igjen stemmene – og eg har tenkt jøss, er det sånn han ser ut, ler Marit Knudsen, leiar for sentralbordet.
Dette er ein kvinnearbeidsplass. 5 kvinner mellom 56 og 66 år jobbar heil eller deltid i Sentralen. På veggane heng bilete av barnebarna tett. Men eg er ute for å lage julereportasje. Eg ser meg rundt og ser til min skrekk at dei ikkje har pynta til jul. Her er blomar og kalendarar, og ei stor utstilling med gamle telefonar men ikkje så mykje som eit lite plastjuletre.
.
– Synest du det er for lite julestemning her, ha, ha, ha, ja vi har vel eigentleg ikkje plass. Om du vil kan vi jo gå å hente den der julegrana som ligg inne i ein krok. Men vi tenner adventslys kvar morgon altså, seier Marit.
Rødt hår eller utan hår?
– Mange trur visst at universitetet er eitt hus med 30 tilsette, seier Elin Johnsen.
– Vi har nummeret på dei fleste institutta og avdelingane i hovudet, men det er ikkje alltid det hjelper så mykje, seier Marit
Nokre døme på kva folk treng hjelp til:
”Eg skal snakke med ho med rødt hår som sit innanfor døra”
”Kan du sette meg over til han med litt lite hår i andre etasje”
”Kona har tatt med seg nøklane til huset på jobb, kan de hjelpe får tak i ho”
”Eg skal ha eksamen. Kvar er lokalet?” (student som ringer rett før ni om morgonen)
– Mange av dei som ringer inn mistenker vi for å sitte å løyse kryssord. Dei treng svar på noko og så ringer dei inn hit for å snakke med ein professor. Eller det kan vere skuleelevar som treng å snakke med nokon som ”forskar på framtida” eller liknande ulne spørsmål.
– Vi ler veldig mykje. Sjølvsagt etter at vi har lagt på, seier damene.
Sladderen tørka inn
På Høyden prøver likevel å fritte ut sentralborddamene om dei har noko bra UiB-sladder å dele med lesarane.
– Vi sladrar aldri, seier Elin Johnsen og skrattar høgt.
– Vi visste meir før i tida når vi hadde den gamle sentralen, påpeikar Anna Aud Losnegaard
– Åh, vi veit no mykje rart endå, seier Elin Johnsen og smiler lurt.
Sjølv om det er jul, eller kanskje akkurat derfor, er folk like irriterte om dei ikkje får svar hjå den dei ringer på UiB.
– Eg hadde ein her i dag som var ganske sint, seier Elin og forklarer:
– Om dei ikkje får svar når dei ringer får dei beskjed om å trykke ni for å komme til sentralbordet. Om dei gjer det trur dei ofte at dei har kome til sentralbordet på akkurat det instituttet eller den avdelinga. Men dei kjem sjølvsagt til oss. Då får vi gjerne litt kjeft, sjølv om vi ikkje har aning om kva saka dreier seg om. Så då må vi prøve å roe dei ned.
– Er det kvinner eller menn som er sintast?
– Det er menn?utan tvil?
– Om de har ein dårleg dag er det ikkje fristande å vere litt ekle med folk som ringer?
– Jau, vi kan saktens ha lyst til å svare litt nebbete, og nokre gonger gjer vi nok det, men då er det fordi dei som ringer er frekke.
Sentralen vs. universitetet
– Universitetet.
Et øyeblikk så skal eg sette deg over. Headset på hovudet og nokre tastetrykk på pc’en så er den henvendelsen ekspedert.
– Ring.Ring.Ri?
– Sentralen
Vi kikkar over skuldra og ser at nokon ringer frå Mat.nat-fakultetetet.
– Kvifor seier de nokre gonger universitetet og nokre gonger sentralen, eller til og med sentralbordet?
- Jau, det er enkelt. Når det ringer nokon utanfrå seier vi universitetet, når det er internt seier vi sentralbordet eller sentralen.
– OK, skjønner?
– Men om dei som ringer eksternt ikkje får svar og kjem tilbake til oss da seier vi sentralbordet.
– Jaha?blir de ikkje leie av å seie universitetet heile tida?
– Før var det så travelt at eg ofte svarte universitetet når eg tok telefonen heime, seier Aud. – Men no går det bra og vi har ein kjempekjekk jobb. Vi har det kjempesosialt.
– Ja, sjølv om vi må fortelje alle historiene tre gonger fordi det alltid er nokon som er i telefonen.
Ikkje sjeldan møtest damene i sentralen på fritida også eller dei ruslar ein tur på Nygårdshøyden og strekker seg i lunsjen, fordi dei set så mykje i ro. Då snakkar dei kanskje om korleis det var å jobbe på Telegrafen på 1960-talet – eller om at dei ikkje kunne hatt eit betre arbeidsmiljø.
– Men du må hugse å skrive at folk må bli flinkare til å legge inn fråver på telefonen. Folk blir utruleg irriterte når det berre ringer og ringer og ein berre kjem til talepostkassane. Dagleg opplever vi at folk er glade over å få snakke med oss, fordi dei endeleg får høyre eit levande menneske, seier damene på UiBs sentralbord som har brukt år av livet sitt på å sette over til rett person.