Jul på Høyden

Publisert

Bekrefta meldingar om at nissen er observert på stadig fleire stader på Høyden gjer at På Høydene julestenggjer verksemda frå og med nyhetsbrevet mandag 23. desember. Me nyttar difor høvet til å ønskja alle våre lesarar ei riktig god og reformfri jul!

Når alle er vel tilbake i det nye året, ventar mange slags omstillingar og endringar - som vanleg. Ei av endringane vert at Informasjonsavdelinga og Universitetets mediesenter går inn i den nyoppretta Formidlingsavdelinga.

Den nye formidlingsdirektøren Torny Aarbakke tiltrer 1. februar, og det vert eit spennande semester med mykje nytt og store utfordringar for den nye avdelinga. Samanslåinga skal bidra til eit sterkare fokus på formidlingsverksemda ved UiB på alle nivå, og det blir spennande å sjå korleis dette vil slå ut på litt sikt.

På grunn av utskiftingar i mannskapet og ressurskrevjande prioriterte oppgåver vil neste utgåve av UiB-magasinet neppe koma ut før i mars/april.

Redaksjonen sitt nyttårsønske er at alle tilsette blir flinkare til å bruka publikasjonane våre, særleg gjennom å tipsa oss om aktuelle saker, anten i På Høydene ph@info.uib.no, eller i UiB-magasinet, uib-magasinet@uib.no - eller ved å skriva debattinnlegg sjølve i På Høydene. Me greier ikkje å dekkja alt, men det er viktig at me får tips frå alle miljøa ved UiB. Så skal me gjera så godt me kan!

God jul og godt nyttår!

Powered by Labrador CMS